Hopp til innhold
X
Innhald

Barnekonvensjonen

Barnekonvensjonen som FN vedtok i 1989, slår fast at barn og unge har særskilde behov og rettar som foreldre og samfunnet må ta omsyn til. 196 land har slutta seg til konvensjonen.

Barnekonvensjonen stadfestar rettar av mange slag, mellom anna rett til skule og helsehjelp, rett til omsorg og rett til vern mot fysisk og psykisk mishandling. Også retten til leik, fritid og privatliv er med.

Eit grunnsyn i konvensjonen er prinsippet om barnet sitt beste. Det skal sikre at vaksne i alle saker som gjeld barn, skal ta omsyn til kva som er best for barna. Barna har rett til å sleppe til med meiningane sine, og dei vaksne har plikt til å ta dei på alvor. Medverknadsretten gjeld både i familien, i skulen og i samfunnslivet, avpassa etter alder og modning. Prinsippet avspeglar eit individualistisk menneskesyn, der barn vert sedde på som sjølvstendige individ med rett til å hevde eigne interesser.

Mange land har teke atterhald mot delar av innhaldet i konvensjonen. Nokre har reservert seg mot barn sin rett til religionsfridom, andre mot barn sin rett til privatliv. Mange land har kritisert at aldersgrensa for barnesoldatar er så låg som 15 år.

Noreg skreiv under konvensjonen i 1991. Han overlappar barnelova av 1981, men om det er strid mellom barnekonvensjonen og barnelova, har konvensjonen forrang. I 2014 vart prinsippet om barnet sitt beste teke inn i Grunnlova, i § 104.

FNs barnekomité passar på at barnekonvensjonen vert følgd opp. Kvart femte år må Noreg rapportere kva styresmaktene har gjort for at barn i Noreg skal få oppfylt rettane sine. Også ikkje-statlege organisasjonar kan gi informasjon.

I FN si tilbakemelding i 2018 fekk Noreg kritikk for mangelfull omsorg for einslege mindreårige asylsøkjarar. Regjeringa har svart på kritikken ved å foreslå endringar i utlendingslova. Utkastet var på høyring i 2020.

 

Kjelder

Alf Marcus Wiegaard: Juss og samfunn. Oslo 2017

 

Barneombodet: «Kidza har rett!», barneombudet.no, publisert 2017: http://barneombudet.no/wp-content/uploads/2017/09/Kidza-har-rett.pdf [lesedato 8.3.2020]

Norges institusjon for menneskerettigheter: «Norge eksaminert av FNs barnekomité: – Myndighetene må gjøre mer for å beskytte våre minste», nhri.no, publisert 6.6.2018: https://www.nhri.no/2018/norge-eksaminert-av-fns-barnekomite-myndighetene-ma-gjore-mer-for-a-beskytte-vare-minste/ [lesedato 8.3.2020]

Regjeringa: «FNs konvensjon om barnets rettigheter», regjeringen.no, publisert 25.7.2000: http://www.regjeringen.no/no/dokumenter/barnekonvensjonen-kortversjon-norsk/id87582 [lesedato 7.3.2020]

 

Peikarar

Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar: «Si i fra! – en film om FNs barnekonvensjon og hvordan man kan bruke den», youtube.com, publisert 5.11.2012

Redd Barna: «Barnekonvensjonen i kortversjon», reddbarna.no

Maria Øksnes og Einar Sundsdal: «Barns rett til lek er truet», dagsavisen.no, sist oppdatert 3.7.2019

Først publisert: 11.08.2020
Sist oppdatert: 11.08.2020