Hopp til innhold
X
Innhald

Bernhardine Catrine Brun

Bernhardine Catrine Brun, guvernante. Ho blei den første som publiserte ei heil diktsamling på landsmål.

Brun var fødd i Fjelberg 24. mars 1815 og døydde 31. mars 1879. Ho blei foreldrelaus då ho var 18 år gammal, og ho arbeidde blant anna truleg som barnejente og guvernante for døtrene til Laurentius Stub Koren, prest i Fjelberg 1833–59.
 
I 1857 publiserte Brun den vesle diktsamlinga Nogle Decemberfrembringelser i Landsmaalet fra det sydligste Søndhordland, truleg med Fem Viser i søndre Søndmørs Almugesprog (1843) av Ivar Aasen som føredøme. Dikta røper tydeleg kjennskap til Ivar Aasens ordbok frå 1850, og ho passa på å gi eit eksemplar til Aasen. Dette var den første diktsamlinga på landsmål, og den første diktsamlinga med dialektpreg skriven av ei kvinne. Brun gav ut boka anonymt med "Jfr. Brun" på tittelbladet. 
 
Dei siste leveåra budde Brun i Christiania.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 11.04.2018