Hopp til innhold
X
Innhald

Bertolt Brecht

Eugen Berthold Friedrich Brecht, tysk dramatikar, diktar, regissør og teaterinnovatør. Han stod for banebrytande fornyingar i teaterkunsten på 1900-talet.

Bertolt Brecht var fødd 10. februar 1898 i Augsburg og døydde 14. august 1956 i Aust-Berlin. Han voks opp i ein mellomklassefamilie i Augsburg og studerte medisin ved Universitetet i München frå 1917 til 1921, utan å fullføre.
Brecht starta karrieren sin i München, der han fekk sett opp det første dramatiske verket sitt i 1922. I 1924 flytta han til Berlin, og han fann seg godt til rette i det radikale kunstnarlivet i byen. Suksessen til Tolvskillingsoperaen (1928) gjorde han namngjeten, men då nazistane fekk makta i 1933, vart det uleveleg i Tyskland for offentlege marxistar som han, og han flykta til Danmark. I 1940–41 reiste han vidare, via Finland og Russland, til USA og vart verande der til krigen var over. I 1948 kom han heim som ein helt til det kommunistiske Aust-Berlin og fekk skipe sitt eige teaterselskap der, Das Berliner Ensemble, som han arbeidde med fram til han døydde i 1956.
For Brecht var teateret eit viktig verktøy for å få folk til å reflektere over dei politiske vala sine, og dei banebrytande teaterteknikkane hans, til dømes «verfremdung»-effekten, vart utvikla med nettopp dette som mål, å presse publikum til å tenkje på det dei såg, med rasjonell distanse heller enn med empatisk medkjensle, slik norma hadde vore. Dette paradigmeskiftet vart sentralt for utviklinga av det moderne teateret.
I tillegg til teaterarbeidet skreiv han mykje poesi, og som dramatikken held poesien på sitt beste svært høg kvalitet, prega av Brecht sin karakteristiske skrivestil, med ei blanding av kvardagsspråk og poetiske vendingar. Brecht fekk tildelt den prestisjetunge litteraturutmerkinga Kleist-prisen alt i 1922 og Stalin-prisen i 1954.
(Artikkelen held fram under biletet)
Bertolt Brecht, her som voksfigur frå Madame Tussauds Berlin. Foto:Sebastian Niedlich, Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0
Bertolt Brecht, her som voksfigur frå Madame Tussauds Berlin. Foto: Sebastian Niedlich, Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0
München og Berlin
Dei første 1920-åra var svært formande for Brecht, som tok dramatimar, skreiv teaterkritikkar og var med på kabaretoppsetjingar. Han tok snart til å skrive stykke sjølv, og det første han fekk sett opp, Trommer i natta (1922), vart ein suksess.
I Weimar-republikkens Berlin fann han eit miljø som passa han godt, og han vart ein del av Neue Sachlichkeit-rørsla, som var ein sosialt medviten reaksjon mot den sjølvopptekne ekspresjonismen, som hadde dominert i tida før første verdskrigen. Samarbeidet med komponisten Kurt Weill skapte kjempesuksessen Tolvskillingsoperaen i 1928. Handlinga var i stor grad teken frå The Beggar's Opera av John Gay, ein satirisk opera frå 1728, og skildrar eit gjennomkorrupt samfunn, med den kaldblodige mordaren Mackie Kniven i sentrum.
Under depresjonen som følgde etter børskrakket i 1929 fekk stykka hans ein tydelegare politisk og marxistisk brodd, særleg i dei såkalla lærestykka («Lehrstücke»).
I eksil
I februar 1933 var det massearrestasjonar av kommunistar i Tyskland, og då Riksdagen brann 27. februar og kommunistane fekk skulda, bestemte Brecht seg for å reise frå landet. Etter eit kort opphald i Praha reiste han til Danmark, der han vart buande fram til 1939. Brecht skreiv nokre av dei fremste teaterstykka sine i Danmark, mellom anna Fru Carrars gevær (1937), Galileos liv (1938) og Mor Courage og borna hennar (1939). Dette siste stykket handlar om ei mor som prøver å tene pengar på krigen, men som endar opp med å misse alle borna sine. Stykket er eit av dei Brecht-stykka som oftast vert sett opp, og det er eit typisk døme på det såkalla episke teateret, med gjennomgåande bruk av «verfremdung»-teknikk, for å sikre at publikum held ein kritiske distanse til karakterane.
I USA heldt han fram med den intensive skrivinga og fullførte mellom anna Det gode mennesket frå Sezuan (1942) og Den kaukasiske kritsirkelen (1945). Likevel var denne tida frustrerande for Brecht, som sleit med å finne seg til rette i det svært uvande Los Angeles.
DDR
Etter ein stopp i Sveits, der han mellom anna regisserte ein svært radikal versjon av Sofokles' Antigone og skreiv det viktige teoriverket Kleines Organon für das Theater («Vår tids teater»), kom han til det kommunistiske Aust-Berlin i oktober 1948. I januar året etter regisserte han ein storslegen produksjon av Mor Courage, og som resultat av den følgjande suksessen fekk han midlar til å starte Das Berliner Ensemble, med kona Helene Weigel som direktør og han sjølv som kunstnarleg ansvarleg.
Resten av livet brukte han her, først og fremst på å regissere eigne stykke og omarbeidingar av andre sine, slik som omskrivinga av Shakespeare sin Coriolanus i 1951. I 1953 fekk selskapet ein permanent heim i Schiffbauerdamm-teateret, der det framleis heldt til.
Teaterstil
Brecht sitt bidrag til teateret er eit av dei viktigaste og mest varige gjennom heile 1900-talet. Han var brennande oppteken av teateret sin sosiale funksjon, at det skulle bidra til at folk gjorde meir medvitne og opplyste val i liva sine. Dette må vi sjå i samanheng med den politiske stoda i Europa og særleg i Tyskland frå og med Weimar-republikken til og med andre verdskrigen.
For å oppnå dette målet, utvikla Brecht ein heilt ny måte å skrive og setje opp teater på, det som vert kalla episk teater, der han aktivt motarbeider den dramatiske illusjonen som gir tilskodarane empati med karakterane i stykket. I staden forsterkar han dei elementa som minner publikum på at det dei ser, ikkje er ekte. Denne effekten kalla han «Verfremdung» (framandgjering), og det inneber til dømes plutselege songnummer, karakterar som vender seg direkte til publikum, eller kulissar som øydelegg teaterillusjonen, slik som eit einskilt tre som representerer ein heil skog.
Brecht i Noreg
Mange av Brecht sine stykke har funne vegen til norske scener. Det Norske Teatret har sett opp både Tolvskillingsoperaen (omsetjing av Halldis Moren Vesaas), Mor Courage og borna hennar (1985, omsetjing av Arnljot Eggen) og Det gode mennesket frå Sezuan (2012, omsetjing av Edvard Hoem).
(Artikkele held fram under videoen)
Video: Utdrag frå Tolvskillingsoperaen av Bertolt Brect og Kurt Weill på Det Norske Teatret 2008.
Brecht sine dikt er omsette til norsk av mellom andre Georg Johannesen og Olav H. Hauge. Den fremste norske eksponenten for Brecht sine teateridear var Jens Bjørneboe, som i 1960-åra skreiv fleire Brecht-inspirerte teaterstykke.
Kjelder
Stephen Unwin: The Complete Brecht Toolkit, London 2014
Michael Billington: «B is for Brecht», publisert 21.12.2011 på Guardian Online: http://www.theguardian.com/stage/2011/dec/21/bertolt-brecht-a-z-modern-drama [lesedato 13.8.2014]
Therese Bjørneboe: «Formsikker og sexy Brecht», teatermelding i Aftenposten, tilgjengeleg på nett, publisert 17.1.2012: http://www.osloby.no/article665506_2.ece [lesedato 13.8.2014]
David Drew og J. Bradford Robinson: «Brecht, Bertolt», i Oxford Music Online. Grove Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/03904 [lesedato 13.8.2014] (tilgjengeleg med passord)
Steven W. Lawrie: «Brecht, Bertolt». The Literary Encyclopedia. Publisert 17.12.2004: http://www.litencyc.com/php/speople.php?rec=true&UID=554 [lesedato 28.8.2014] (tilgjengeleg med passord)
Halldis Moren Vesaas: «Hard nøtt», programtekst for Tolvskillingsoperaen på Det Norske Teatret i 1992. Publisert på nett, utan dato: http://detnorsketeatret.no/index.php?option=com_content&view=article&id=336:halldis-moren-vesaas-hard-nott&catid=14:sub-pages [lesedato 13.8.2014]

Først publisert: 28.10.2014
Sist oppdatert: 28.01.2016