Hopp til innhold
Betzy Kjelsberg, 1935. Foto: Ernest Rude. Kjelde: Oslo Museum. CC BY SA 4.0
Betzy Kjelsberg, 1935. Foto: Ernest Rude. Kjelde: Oslo Museum. CC BY SA 4.0
X
Innhald

Betzy Kjelsberg

Betzy Kjelsberg var politikar for Venstre og kvinnesaksforkjempar. Ho var den første kvinnelege fabrikkinspektøren i Noreg.

Betzy Kjelsberg, 1866–1950, var politikar for Venstre og kvinnesaksforkjempar. Kjelsberg svar ein av stiftarane bak gruppa Skuld og Norsk Kvinnesaksforening og ei rekkje kvinneforeiningar i Drammen. Betzy Kjelsberg hadde også ei rekkje styreverv, mellom anna i Statens lærerinneskole i husstell.

Kjelsberg var den første kvinnelege fabrikkinspektøren i Noreg (1910–35) og representerte regjeringa ved fleire internasjonake konferansar. Ho den første kvinnelege medlemmen av sentralstyret i Venstre og sat to perioder som folkevald i bystyret i Drammen. Betzy Kjelsberg har motteke fleire utmerkingar, mellom dei Kongens fortjenstmedalje i gull. Ho er også ridder av 1. klasse av St. Olav- Ordenen.


Sjå video frå NRK Skole om Betzy Kjelsberg:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 16.02.2016
Sist oppdatert: 08.03.2019