Hopp til innhold
X
Innhald

Abélard

Abélard eller Abailard, Pierre, 1079–1142, ein fransk filosof og teolog som hadde stor påverknadskraft.
Han var motstandar av ytterleggåande omgrepsrealisme, men var ikkje nominalist, jamfør universaliestriden. I 1141 vart han dømd som kjettar.
Abélard hadde eit kjærleiksforhold til den unge Héloïse. Onkelen hennar gjorde at han vart overfallen og kastrert. Deretter gjekk dei to i kloster. Brevvekslinga som følgde vart vidgjeten og fekk mykje å seie litterært.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 21.03.2012