Hopp til innhold
X
Innhald

Ada Arnstad

Ada Johanna Arnstad, student, politikar og leiar i Senterungdommen, ungdomsorganisasjonen til Senterpartiet, sidan 2016.

Ada Arnstad er fødd 13. august 1992 i Trollhättan i Sverige, voks opp på Skatval i Nord-Trøndelag og er busett i Oslo. Ho gjekk på Ole Vig videregående skole i Stjørdal i 2009–12. Arnstad studerte fornybar energi ved NMBU, Norges miljø- og biovitskaplege universitet, i 2012–14 og begynte på ein bachelorgrad i internasjonale studium ved Universitetet i Oslo i 2015.

I 2014–15 arbeidde ho eit år i Trondheim som medarbeidar ved AtB Transport AS og ved FREMO Bemanning AS, og ho har i tillegg vore tilsett i PayEx og var trainee i stortingsgruppa til Senterpartiet sommaren 2016.

I 2006 melde ho seg inn i Senterpartiet, og ho var leiar for Senterungdommen i Stjørdal medan ho gjekk på vidaregåande, i 2010–11. Arnstad var internasjonal leiar i 2013–14, nestleiar i 2014–16 og tok over som leiar i ungdomsorganisasjonen etter Erling Laugsand i 2016.

Arnstad kjem frå ein politisk aktiv familie, har politisk teft, mykje støtte i organisasjonen og det er knytt forventningar til henne som leiar av Senterungdommen. Dei viktigaste sakene hennar er klimautfordringane og fornybar energi. Arnstad utfordrar moderpartiet i miljøsaka og vil ta partiet i ei grønare retning gjennom å gi oljenæringa færre gunstige ordningar og akseptere at forbruksvekst er ein del av klimaproblemet. Ho vil òg kjempe mot nedlegging av lokalsjukehus, for sosial og geografisk utjamning og mot sentralisering.

Arnstad var visepresident for Nordiska Centerungdomens Förbund i 2012–13, og i 2013–14 var ho president i dette forbundet.

Kjelder

Profilen til Ada Arnstad på linkedin.com: https://www.linkedin.com/in/ada-johanna-arnstad-6085b2123 [lesedato 25.2.2017]

«Ada Arnstad innstilles som ny leder i Senterungdommen», senterungdommen.no: http://senterungdommen.no/20970-2/ [lesedato 25.2.2017]

Jøte Toftaker: «Ny Arnstad sentral i Senterpartiet», nrk.no: https://www.nrk.no/trondelag/ada-arnstad-trolig-ny-leder-av-senterungdommen-1.13171194 [lesedato 25.2.2017]

Peikarar

Bjørn Helge Larsen: «Ada Arnstad med nordisk engasjement», Stjørdals-Nytt 

Andrea Rygg Nøttveit: «Ada Arnstad skal leia Senterungdommen», framtida.no 

«Ada Arnstad er valgt til ny leder i Senterungdommen» 

«Jeg er ingen kopi», aftenposten.no

Først publisert: 30.06.2017
Sist oppdatert: 30.06.2017