Faktaboks

Adolf M. St. Arctander

Adolf Maurits Stenbock Arctander

Fødd
23. oktober 1847, Hadsel, Nordland
Død
25. juli 1919, Asker, Viken

Adolf M. St. Arctander var teolog, folkehøgskulestyrar og omsetjar av klassiske skrifter. I studietida vart han vekt av menn som Bjørnstjerne Bjørnson og Christopher Bruun, og for resten av livet var han overtydd målmann.

A.M.St. Arctander høyrde til ei gamal embetsslekt som kom til Noreg frå Danmark etter reformasjonen, og statsråd Sofus Arctander (1845–1924) var eit av syskenborna.

Arctander vart cand.theol. frå Universitetet i Kristiania i 1872, men veik helse gjorde at han gjennom livet veksla mellom skulearbeid, hagestell og litterær verksemd. Han var lærar ved Ullensvang folkehøiskole 1877–1880 og styrte 1887–1892 Telemarks folkehøgskule og (frå 1888) eit friseminar i Seljord saman med Viggo Ullmann. I 1901 skipa han Lofotens og Vesteraalens folkehøiskole på farsgarden.

Arctander publiserte fleire utgreiingar og meldingar om språklege, litterære og politiske emne. På sine eldre dagar sette han om Wallensteins læger av Friedrich Schiller og Faust av Johann Wolfgang von Goethe.

Les meir i Store norske leksikon

Faktaboks

Adolf M. St. Arctander
Historisk befolkingsregister-ID
pf01052055032947

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg