Hopp til innhold
X
Innhald

Åge Aleksandersen

Åge Aleksandersen er vokalist, gitarist og bandleiar. Han er av mange rekna som trønderrockens "far", og har vore ein vegvisar for å bruke norsk språk og dialekt i rockemusikk. LP-en Levva Livet! selde over 250 000 eksemplar.

 

Åge Aleksandersen, fødd 1949 i Namsos, er vokalist, gitarist og bandleiar. Han er av mange rekna som trønderrockens "far", og har vore ein vegvisar for å bruke norsk språk og dialekt i rockemusikk.
 
Han spela med gruppa Prudence i 1969–75 før han satsa som soloartist og som leiar for gruppa Sambandet.
 
Pressefoto frå
Pressefoto frå www.levvalivet.no

Aleksandersen sitt første soloambum var 7800 Namsos (1975) og sidan det har det kome ei rekkje soloplater. Det store gjennombrotet kom med Ramp (1980) og to år seinare kom Dains me mæ og Levva Livet! med den svært populære songen Lys og varme. LP-en Levva Livet! selde i 260 000 eksemplar, noko som var rekord.

Sjå video under der Åge Aleksandersen spelar Levva Livet!
 
 
Åge Aleksandersen skriv samfunnskritiske tekstar, som mellom anna Bjørnen sover (1980), ein reaksjon på Sovjet sin invasjon av Afghanistan. I teksten Det 4. Rike tok Aleksandersen eit oppgjer med etterkrigstidas helsevesen og tvangssterilisering av taterar.
 
Sjå Åge Aleksandersen og Sambandet med Bjørnen sover:
 
 

Aleksandersen har også arbeidd også som plateprodusent for fleire andre artistar, mellom dei
D.D.E., Hans Rotmo, Halvdan Sivertsen og Vømmøl Spellmannslag.
 
Åge Aleksandersen er ein av dei mest populære songartistane i Noreg og har vunne ei rekkje prisar, mellom anna  Spellemannprisen (1975 og 1980), heidersprisen under Spellemannsprisen (1981 og 2006), Årets Spellemann (1984), Erik Byes Minnepris (2005) og Tekstforfatterfondets ærespris (2007).

Åge Aleksandersen er utnemnd til ridder av 1.klasse av  St. Olavs orden.

Kjelder:
Heimesida til Åge Aleksandersen: http://www.levvalivet.no
Norsk pop & rock leksikon

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.10.2013
Sist oppdatert: 21.03.2017