Alfred Adler
Alfred Adler, 1870–1937, var ein austerriksk psykolog og nervelege, som tidleg slutta seg til Freud, og samarbeidde med han fram til 1911, då det vart eit brot mellom dei. Læra hans avvik på mange punkt frå Freuds. Ifølgje Adler er mindreverdskjensle ei av dei viktigaste årsakene til nevrosar. Hovudverket hans har tittelen Über den nervösen Charakter (1912).
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 28.08.2015