Hopp til innhold

Alv Askeland

Alv Martin Askeland, sokneprest og sentral aktør i Vestmannalaget gjennom mange tiår. Han forma den ideen som blei til Akademiet i Rauland.

Askeland var fødd i Haugesund 6. oktober 1911 og døydde 11. august 2003. Han blei ordinert som prest frå Menighetsfakultetet i 1942. I meir enn tretti år gjorde han teneste i Tysnes, som hjelpeprest 1945–55 og sokneprest 1956–78, frå 1963 også som prost i Nordre Sunnhordland.
 
Askeland var ein stil- og formsikker talar som knytte band mellom klassisk nynorsk og lokale talemål, og han gav ut salmesamlinga Kyrkjeljod (1988).
 
Det var han som bar fram den tanken om eit bygdeuniversitet, som i 1970 blei realisert som Akademiet i Rauland. Askeland var første styreformannen etter nyskipinga av Norsk Bokreidingslag i 1971, var med og skipa Ivar Aasen-sambandet i 1965, var formann i Prestemållaget 1970–72 og var æresmedlem i Norsk Måldyrkingslag, Vestmannalaget og Vestlandske Mållag.
 
Han fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 1982.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 08.05.2013