Hopp til innhold
Foto: Thomas Haugersveen/ Statsministerens kontor
Foto: Thomas Haugersveen/ Statsministerens kontor
X
Innhald

Anders Anundsen

Anders Anundsen, jurist, stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Vestfold og justis- og beredskapsminister i Solberg-regjeringa frå oktober 2013.

Anders Anundsen er fødd 17. november 1975 i Stavern i Vestfold. Han gjekk på Larvik gymnas i 1991–94, studerte jus ved Folkeuniversitetet i 1994–95, offentleg rett og privatrett ved Universitetet i Oslo i 1998–99, profesjonsstudiet i jus i 2005 og tok juridisk mastergrad same staden i 2008. Anundsen var politisk rådgivar i stortingsgruppa til Framstegspartiet i 1995–97 og konsulent for advokat Dag W. Andressen i 2000–02. Han arbeidde som lærar i 2001–04 og var stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Vestfold i 2005–13, før han blei justis- og beredskapsminister i Solberg-regjeringa i 2013.
Han var medlem av og seinare leiar av styret i Framstegspartiets Ungdom (FpU) i Larvik i 1990–93 og Vestfold FpU i 1991–96, medlem av sentralstyret i ungdomsorganisasjonen i 1994–96 og leiar i 1996 og 1998–99. Gjennom heile 1990-åra var han med i styret i Larvik Framstegsparti, var kommunestyremedlem for Framstegspartiet i Larvik i 1999–2007, og i 2003–07 sat han i formannskapet. Han var nestleiar i Vestfold Frp i 1999–2001, medlem av fylkestinget i Vestfold i 1995–2007 og medlem av sentralstyret i Frp i 1998–99.
Anders Anundsen var vararepresentant til Stortinget for Vestfold Framstegsparti i 1997–2001. Frå 2005 er han er vald inn på fast plass. I den første perioden var han medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, og i perioden 2009–13 var han leiar av kontroll- og konstitusjonskomiteen og andre nestleiar i 22. juli-kommisjonen på Stortinget.
Som leiar av kontroll- og konstitusjonskomiteen fekk han kalla inn fleire statsrådar til open høyring. Han har vore samlande og prøvde å få til kompromiss i regjeringsforhandlingane mellom Høgre, Framstegspartiet, Venstre og Kristeleg Folkeparti hausten 2013. Som justis- og beredskapsminister har han ansvaret for justis-, innvandrings- og beredskapspolitikken til Solberg-regjeringa.
Anundsen har hatt ei rekkje offentlege og administrative verv. Han var medlem av styret for Norsk Doberman Klubb i 2004–06, nestleiar og leiar i styret for Skiringssal folkehøyskole i 2003–10, medlem av forstandarskapet for Larvikbanken i 2003–11, leiar i styret for Nano forvaltning AS i 2008–11 og medlem av styret for Larvik innovasjon, nærings- og kompetansesenter AS (Link AS) i 2008–13.
Kjelder
Anders Anundsen, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=ANA [lesedato 20.10.2013]
Om Anders Anundsen på regjeringa.no: http://www.regjeringen.no/nb/dep/jd/dep/anders-anundsen.html?id=742878 [lesedato 20.10.2013]
Peikarar
«Anundsen avblåser TB-boikotten»

Først publisert: 04.02.2014
Sist oppdatert: 07.08.2015