Hopp til innhold
X
Innhald

Anders Aschim

Anders Aschim, teolog, bibelomsetjar og faglitterær forfattar. Hovudverket hans til no er ein detaljert og velskriven biografi om professoren, politikaren og salmediktaren Elias Blix.

Aschim er fødd i Tromsø 8. august 1958. Han voks opp der og på Hamar. I tillegg til teologisk embetseksamen har han mellomfag i hebraisk og musikk. Han har vore prest mellom anna i Ringebu og Enebakk. Aschim har hatt forskings- og undervisningsstillingar ved Menighetsfakultetet og arbeider for Bibelselskapet med revisjon av omsetjinga av Det gamle testamentet (Bibel 2011) både til bokmål og nynorsk.
 
Aschims faglege hovudinteresse har vore tekstfunna frå Qumran ved Daudehavet, og han har vore med på mange publikasjonar om desse tekstane. I samband med Blix-biografien har han arbeidd mykje med stoff om den tidlege målrørsla og ikkje minst om nettverket av nordnorske «nynorskingar» i hovudstaden.
 
Dei viktigaste skriftene for ålmenta er Hemmeligheten i hulen. En fortelling om Dødehavsrullene (1999) og Ein betre vår ein gong. Elias Blix (2008).

Først publisert: 20.10.2009
Sist oppdatert: 08.05.2013