Hopp til innhold
X
Innhald

Anders M. Andersen

Anders Magne Andersen, tidlegare førsteamanuensis i nordisk litteraturvitskap ved Universitetet i Stavanger. Han har markert seg som offentleg debattant og var den første redaktøren i Klassekampen.

Anders M. Andersen er fødd 31. desember 1940 på Tasta i dåverande Hetland kommune, som no er ein del av Stavanger. I 1970 tok han nordisk hovudfag ved Universitetet i Bergen. Frå 1974 til 2010 har han vore tilsett som lektor og forskar på høgskule- og universitetsnivå i Stavanger.
Andersen har førelese og skrive bøker og avhandlingar om romanteori, komedie, eventyr, lyrikk, retorikk og essayistikk, og om Stavangerkultur og Rogalandslitteratur, i tillegg til at han har førelese og skrive om ei rekkje norske forfattarar.
Han har òg gjennom artiklar og foredrag teke del i den offentlege debatten, særleg i spørsmål som gjeld målsak og EU.
I studietida markerte Andersen seg som målmann og studentpolitikar. Han vart vald til formann i Studentersamfunnet i Bergen i 1966 og kom òg med i Studentmållaget, der han vart formann i 1964.
I 1968 var Andersen redaksjonssekretær i avisa Orientering. Året etter vart han den første redaktøren i Klassekampen.
Som målmann tok Andersen del i arbeidet med «Målreising 1967», som var eit komitéarbeid leidd av Berge Furre, og som markerte ein ny strategi for Noregs Mållag.
Andersen var i 1973 med på å starte dialektrørsla under parolen «Tal dialekt – skriv nynorsk». I perioden 1977–1989 var han skulemålsansvarleg i Rogaland Mållag. Ei viktig oppgåve her var kampen for å opprette nynorskklassar. Det vart hundrevis av nynorskklassar i Rogaland, og etter kvart nynorskklassar i store og nokre mindre byar over heile landet.
I 1979 tok han til orde for at målfolk måtte få nynorsk med i partiprogramma. Såleis kom nynorsk inn i prinsipprogrammet for AKP, vedteke på landsmøtet. Då partileiinga utan varsel strauk programmet etter få år, melde han seg ut av partiet med ein offentleg protest.
Etter landsmøtet i 1999 er Andersen ikkje lenger med i Noregs Mållag, men han er med i Nynorsklaget.
Andersen har markert seg som aktiv EU-motstandar, like sidan han i 1962 vart med i Aksjon mot Fellesmarkedet i Bergen. I 1988 starta han saman med Torolf Nordbø Rogaland Nei til EU. Han var den første leiaren og styremedlem i fylkeslaget i Rogaland fram til 2006.
Som filolog har Andersen mellom anna publisert «Rogalandsforfattarar i den norske skjønnlitteraturen», i Fra Vistehola til Ekofisk, bd. 2 (1987), «Sonettmodernisme» (om Olav H. Hauge) i Norsk litterær årbok 2007, «Rapport om forsking i romanteori», i 16.06.1946, Festskrift til Sveinung Time (2007) og «Høgt og lågt i Wergelands poesi og poetikk», i Henrich Steffens og Henrik Wergeland (2010).
Kjelder
E-postar frå Anders M. Andersen 24.10., 4.11. og 15.12.2011 og 5.1.2012

Først publisert: 07.02.2012
Sist oppdatert: 08.05.2013