Hopp til innhold

Anton Aure

Anton Magnus Aure, boksamlar og bibliograf som på vel 20 år bygde opp ei eineståande samling av bøker og skrifter på nynorsk og dialekt.

Aure var fødd i Fræna 15. januar 1884 og døydde 18. juli 1924. Han tok utdanning i Volda og blei statsstipendiat i 1919. Før han hadde fylt 20, tok han til å byggje opp ei privat samling av alt som var trykt på nynorsk og dialekt. Dette resulterte i Nynorsk Boklista. Skrifter i bokform på norsk – bygdemaal og landsmaal i to band 1646–1915 (1916) og 1916–20 (1921). Bibliografien inneheld over 4600 titlar på meir enn fire sider i dette lange tidsrommet.

Aure gav ut fleire mindre oversynsverk og skipa månadstidsskriftet Ung-Norig i 1918.

Han døydde av tuberkulose i 1924. Det Norske Samlaget kjøpte bok-, autograf- og brevsamlinga hans året etter og deponerte samlinga på Universitetsbiblioteket i Oslo under namnet Norsk boksamling. I 2002 vart delar av Norsk Boksamling, gjerne kalla Anton Aure-samlinga, deponert i Ivar Aasen-tunet av Det Norske Samlaget. Universitetsbiblioteket forvaltar den eldre delen av samlinga og Ivar Aasen-tunet den nyare delen av samlinga. 

I åra frå 1925 til om lag 1980 supplerte Universitetsbiblioteket samlinga med nye bøker på nynorsk og dialekt. Berre av aviser og tidsskrift inneheld Norsk Boksamling over 2200 årgangar. Talet på bøker er stort, men ukjent. Norsk Boksamling inneheld truleg nær 1000 titlar som berre finst i dette eine eksemplaret ved norske bibliotek. 

Kjelder

Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Peikarar

Anton Aure: Nynorsk boklista I. Oslo 1916. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Anton Aure: Nynorsk boklista II. Oslo 1921. Tilgjengeleg i Bokhylla, nb.no

Anton Aure-samlinga i Ivar Aasen-tunet

Først publisert: 24.09.2009
Sist oppdatert: 14.03.2019