Hopp til innhold
 Arild Andersen. Foto: flutnace, flickr.com CC BY 2 0
Arild Andersen. Foto: flutnace, flickr.com CC BY 2 0
X
Innhald

Arild Andersen

Arild Andersen, f. 1945, er jazzmusikar, bassist og komponist. Andersen har spela i Jan Garbarek sin trio og kvartett, med Don Cherry, Stan Getz, Karin Krog, George Russell og fleire. Dessutan samarbeidde han over fleire år med Radka Toneff. I 1982 starta Andersen Masqualero saman med Jon Christensen. Frå 1990-åra og framover samarbeidde han med folkemusikksongaren Kirsten Bråten Berg.
Andersen har mellom anna skrive teatermusikk (Kristin Lavransdatter, 1995) og fleire bestillingsverk. Han fekk Buddy-statuetten i 1969 og var «Artist in Residence» under Moldejazz 2005.

Sjå video, Arild Andersen og Kirsten Bråten Berg Drømmehesten

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.10.2013
Sist oppdatert: 17.10.2013