Hopp til innhold
Aristoteles. Gravert av Samuele Jesi (1788–1853). Kjelde: Wellcome Collection. CC BY 4.0.
Aristoteles. Gravert av Samuele Jesi (1788–1853). Kjelde: Wellcome Collection. CC BY 4.0.
X
Innhald

Aristoteles

Aristoteles, 384–322 f.Kr., gresk filosof og forskar, først elev, seinare lærar ved Platons akademi.

Han var lærar for Aleksander den store i tre år, før han i 335 grunnla den peripatetiske skulen (etter gresk peripatos, vandre) i Aten, også kalla Lykeion.
Skriftene til Aristoteles er berre delvis bevarte, mellom anna Metafysikk. Han kritiserte Platons idélære og meinte at ideane ikkje har sjølvstendig eksistens, men berre eksisterer i dei enkelte tinga. For Aristoteles var alt føremålsretta (teleologisk), også rørslene til himmellekamane og det organiske livet. Han gjekk ut frå at jorda låg urørleg, omgitt av rørlege sfærar. Han godtok ikkje antikken si atomlære, men hevda at materien består av dei fire elementa jord, vatn, luft og eld.
Aristoteles la grunnlaget for fleire vitskapar, særleg logikk og biologi (under dette zoologi og botanikk), skapte den systematiske biologien og ordna organismane i eit hierarkisk system, med mennesket øvst. I middelalderen blei han rekna som autoritet på nesten alle område. Thomas Aquinas og andre kristne teologar prøvde å sameine filosofien hans med dei kristne dogma.
I sin Etikk formulerer Aristoteles læra om lykke som det harmoniske forholdet mellom sjelskreftene og formulerer tanken om «den gylne middelvegen». Han innfører eit skilje mellom to typar verksemd, poiesis (skaping) og praxis (handling), vidareutvikla av Hannah Arendt. Mennesket er eit samfunnsvesen (eit sosialt dyr, gresk zoon politikon), og først i eit samfunnsfellesskap kan det nå ekte lykke.
Innanfor estetikken blei særleg ideen hans om tragedien sin reinsande funksjon for sjela (katharsis) viktig.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.12.2012
Sist oppdatert: 10.05.2013