Hopp til innhold
X
Innhald

Arkimedes

Arkimedes, ca 287–212 f.Kr., gresk matematikar og fysikar, busett i Syracus på Sicilia. Han er rekna for å vere den største matematikaren i antikken. Han utvikla mellom anna geometriske metodar for å løyse problem innan differensialrekning, og fann volum og overflate på ei kule. Han oppdaga lova for oppdrift av lekamar nedsøkkte i vatn, kalla Arkimedes-prinsippet.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012