Arnstein Arneberg
Arnstein Arneberg, 1882–1961, var arkitekt.
Arneberg utvikla eit formspråk som var inspirert av eldre nordisk arkitektur. Etter kvart vart det forenkla under påverknad av funksjonalismen. Mellom arbeida hans kan ein nemne Vikingskipshuset (1926–54) og Skaugum i Asker (1930–32). Saman med Magnus Poulsson teikna han Telegrafbygningen (1916–24) og Oslo rådhus med Fridtjof Nansens plass (1931–50). Arneberg arbeidde mykje med restaurering og ombygging av antikvariske bygningar, som Akershus slott (1929–62) og Oslo domkirke (1948–50).
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 05.10.2016