Hopp til innhold
X
Innhald

Asbjørn Aarnes

Asbjørn Sigurd Aarnes, litteraturforskar, formidlar av litteratur, filosofi og idéhistorie, skapar av intellektuelle møtestader.

Asbjørn Aarnes var fødd 20. desember 1923 i Tingvoll i Møre og Romsdal og døydde 8. januar 2013 i Oslo. Han tok examen artium ved Volda gymnas i 1944, vart mag.art. ved Universitetet i Oslo i 1950, studerte i 1951–52 ved École Normale Supérieure i Paris og var stipendiat ved Universitetet i Oslo frå 1954 til 63. I 1957 vart han dr.philos. med ei avhandling om den franske diktaren Gérard de Nerval. Frå 1964 til 1993 var han professor i europeisk litteraturhistorie, særleg fransk, ved Universitetet i Oslo.
Aarnes skreiv først og fremst om fransk og norsk dikting, om litteraturteori og filosofi. I litteraturteori vart han tidleg prega av Peter Rokseth og elevane hans, den «estetisk-filosofiske» skulen, som tok utgangspunkt i det litterære verket sjølv, ikkje dei biografiske og historiske omstenda kring verket. Han var særleg oppteken av poesi og det poetiske. I 1965 redigerte han Litterært leksikon, eit oppslagsverk for litterære termar, og eit pionerarbeid i norsk litteraturkunnskap. Innanfor filosofien arbeidde han dei seinare åra særleg med den litauisk-franske filosofen Emmanuel Levinas.
Aarnes var ein uvanleg produktiv intellektuell. Ein bibliografi som dekkjer perioden 1947–2008, omfattar 1182 postar, frå bøker og bidrag i bøker til tidsskriftartiklar, avisartiklar og intervju. Han vart vald inn i Det Norske Videnskaps-Akademi i 1983.
Skriftseriar og intellektuelle forum
Aarnes var saman med Egil A. Wyller redaktør av bokserien Idé og tanke, som kom med 42 band i åra 1960–1985, og var hovudredaktør av Thorleif Dahls Kulturbibliotek 1978–2001, som gav ut ca. 50 band i desse åra. I 1978 tok han initiativ til Humanistisk Seminar, som hadde over 50 samlingar kring litterære og filosofiske emne, først på Nesbyen, frå 1983 på Granavollen på Hadeland. Om lag 20 bøker sprang ut av desse seminara. Frå 1994 skipa han saman med Hans Kolstad foredragsserien Humanistisk Kollegium i Oslo.
To kjelder til norsk kultur
I perioden 1967–1982 var Aarnes preses i Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur. Dei seinare åra markerte han seg ved å peike på den verdien dei to målformene har for norsk kulturliv. Aarnes la vekt på at riksmål (nemninga «bokmål» bruker han lite) på den eine sida og nynorsk på den andre er berarar av ulike kulturar og verdiar. «Den dagen den ene av våre to sprogfløyer går av med seieren, vil norsk kulturliv sitte igjen som den tapende part,» skreiv han i ein kronikk om Ivar Aasen i 1996.
Dag og Tid-epistlar
I åra 2005–2006 hadde Aarnes si eiga spalte i Dag og Tid. Epistlane under tittelen «Så sant som det er sagt» fekk nærmast kultstatus. Han fortalde om menneske han hadde møtt, kontinentale og norske intellektuelle, diktarar og folk frå barndom og ungdom i Vågbø i Tingvoll. Dei populære stubbane vart seinare samla i bøkene Råka av røynd (2006) og Troll i ord (2009). Frå desember 2009 til desember 2012 redigerte han i Dag og Tid saman med Jan Erik Vold spalta «Diktet», ei spalte som kvar veke presenterte eit dikt kommentert av spalteredaktørane.
Heider
For arbeidet sitt for fransk litteratur og kultur vart Aarnes heidra med Den franske stats fortenesteorden (1970), Æreslegionen (1979) og Dei akademiske palmers orden (1984). I 2008 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.
Kjelder
Hans Kolstad (red.): Tanke og omtanke. Festskrift til Asbjørn Aarnes på syttiårsdagen. Oslo 1993
Ut av fatning. Asbjørn Aarnes i samtale med Hall Bjørnstad. Oslo 2001
John Ole Askedal: «Asbjørn Aarnes», Norsk biografisk leksikon, bd. 10. Oslo 2005
Lars Roar Langslet: Veivisere. Ni norske profiler. Oslo 2009
Anne-Lise Knoff: Norges katolske hulder. Brev til Asbjørn Aarnes om Humanistisk Seminar (1978–2004). Oslo 2008
Asbjørn Aarnes: Diktningen hos Gérard de Nerval. Oslo 1957.
Asbjørn Aarnes og Egil A. Wyller (red.): Litteraturforståelse – diktning og kritikk. Oslo 1961
Asbjørn Aarnes: Det poetiske fenomen. Oslo 1963
Asbjørn Aarnes: «På spor etter meningsverket», i Magne Skodvin og Asbjørn Aarnes: Vi valgte fransk. Fransk på norsk grunn. Oslo 1986
Asbjørn Aarnes (red.): Peter Rokseth. Essays og studier. Oslo 1992
Sigmund Hoftun og Rolf Tobiassen: Mål og metoder i litteraturforskningen. Oslo 1969
Asbjørn Aarnes: «Ivar Aasen og de to kilder til norsk kultur», Aftenposten 19.6.1996
Asbjørn Aarnes: «De to kilder til norsk kultur», i John Ole Askedal og Ann-Berit Aarnes Breder: Ivar Aasen – vandreren og veiviseren. Oslo 2002
Artiklar av Asbjørn Aarnes om språk og språkpolitikk 1958–2000 i Aftenposten, Morgenbladet og Frisprog
  
Peikarar

Først publisert: 31.01.2011
Sist oppdatert: 08.05.2013