Hopp til innhold
Bernt Theodor Anker
Bernt Theodor Anker
Foto: Hardanger og Voss museum. Nytta etter avtale med museet.
X
Innhald

Bernt Th. Anker

Bernt Theodor Anker, norsk prest som tidleg på 1900-talet heldt gudstenester på nynorsk i over tusen kyrkjer.

Bernt Th. Anker var fødd i Vestre Aker (no Oslo) 7. mars 1867 og døydde i Ullensvang i Hardanger 21. august 1943. Oppveksten var i Bergen og Risør. Han gjekk latinskulen i Drammen og tok teologisk embetseksamen ved Universitetet i Kristiania i 1890.
 
Anker var kapellan i Kviteseid frå 1894 og sokneprest i Lårdal frå 1896. Der heldt han 17. mai 1899 den første gudstenesta med både preike og liturgi på landsmål (medan granneprestane gjorde det same i Vinje og Seljord).
 
Frå 1901 var Anker lærar eitt år ved Framnes ungdomsskule og deretter fleire år ved Voss folkehøgskule. Om somrane reiste han rundt i landet og heldt foredrag, stemnetalar, preiker og gudstenester.
 
I 1908 tok han over etter Peter Hognestad som stiftskapellan med ansvar for landsmålsmesser i hovudstaden. Frå 1914 var han sokneprest i Ullensvang og frå 1918 også prost i Hardanger og Voss. Han var redaktør for det nynorske kyrkjelydspladet "Upp og fram" medan han var sokneprest i Ullensvang.
 
Til Bernt Støylens Songbok for sundagsskule og uppbyggjingsmøte (1906) sette Anker om julesongane «Aa jol med di gleda», «Eg er so glad kvar jolekveld» og «Du grøne, glitrande tre». Mot slutten av livet skreiv han fem bøker med livsminne.

Kjelder

Anton Aure og Hans Aarnes: Norsk Bladmannalag gjenom 10 aar – 1913–1923. Dei norske bladi gjenom 65 aar 1858 – 1923. Biografiar av norske bladmenn. Oslo 1923

Jarle Bondevik: "Bernt Theodor Anker" i Norsk biografisk leksikon, 2. utg. Oslo 1999.

Alfred Eriksen: Norges kirke og presteskap ved 900-årsjubileet. Oslo 1930

Guttorm Kallhovd: "Bernt Theodor Anker" i Norsk Allkunnebok, 1. bandet, Oslo 1948

Først publisert: 03.09.2009
Sist oppdatert: 10.04.2018