Hopp til innhold
Bjørn Aamodt. Foto: Helene Andersen/Gyldendal Norsk Forlag
Bjørn Aamodt. Foto: Helene Andersen/Gyldendal Norsk Forlag
X
Innhald

Bjørn Aamodt

Bjørn Aamodt, poet og industriarbeidar. Aamodt skreiv modernistisk poesi frå arbeidslivet, og dikta hans viser både eit omhyggeleg formmedvit og eit stort klassemedvit.

Bjørn Aamodt var fødd 24. februar 1944 i Bærum og døydde 29. april 2006 i Oslo. Han tok examen artium ved Valler gymnas i 1962 og studerte seinare psykologi ved Universitetet i Oslo, der han tok grunnfag i 1975.

Mellom 1962 og 1972 var Aamodt dekksgut og matros på fleire skip. Innimellom reisene på dei sju hav tok han ulike småjobbar, mellom anna som resepsjonist, nattevakt, jernbindar, bygningsarbeidar og sjauar. Frå 1976 til 1978 var han kranførar for Kaare Jonsson A/S og frå 1978 til 1979 for Gunnar M. Backe. I tjue år, mellom 1979 og 1999, var han skiftarbeidar – mellom anna kranførar og metallarbeidar – på Kværner i Lodalen. Etter å ha blitt oppsagd frå Kværner då fabrikken blei nedlagd i 1999, byrja han som nattevakt på Blå Kors i Oslo.

Aamodt debuterte i 1973 med samlinga Tilegnet. Etter Knuter, mulm og andre dikt (1980) gav han ikkje ut fleire bøker i 1980-åra, men frå Stå (1990) til Arbeidsstykker og atten tauverk (2004) kom diktsamlingane med jamne mellomrom. Bjørn Aamodts samla dikt har kome i to utgåver, først Samlede dikt 1973–1994 i 1995, så Samlede dikt 1973–2004 i 2007. Begge utgåvene har etterord av Kjartan Fløgstad. I 2010 kom samlinga Avskjed, som Henning Karlbom ferdigstilte ut frå eit manuskript som Aamodt etterlét seg.

Jan Olov Ullén og Jan Erik Vold har gitt ut eit utval av Aamodt sine dikt på svensk, i ABC och andra dikter (1997).

Aamodt var nominert til Nordisk råds litteraturpris to gonger, for ABC (1994) i 1995 og for Anchorage (1997) i 1998. Han fekk Gyldendalprisen og Halldis Moren Vesaas-prisen i 1997, og Doblougprisen i 2003.

Arbeidsdagen

I poesien hentar Aamodt erfarings- og sanseverda si frå sjømanns- og industriarbeidarlivet. Debutsamlinga Tilegnet har ein solidarisk og munter tone, underfundig humor og vekslar fint mellom samfunnsperspektiv og personlege funderingar. Også i Knuter, mulm og andre dikt er språket til Aamodt ledig og lett og har eit munnleg uttrykk. I begge samlingane er arbeidsdagen – rutinar og fellesskap – skildra med varme. Litteraturforskaren Atle Kittang sa det slik: «Kroppsarbeidets motivkrins er ikkje berre noko dikta 'handlar om'. Dei er først og fremst noko dikta 'handlar med'».

Dikta til Aamodt er pregnante og presise, men inneheld òg gåtefulle tankar og formuleringar. Eit særpreg er nettopp korleis han maktar å framstille det konkrete på ein måte som gjer at lesaren sit grublande att. Etter Knuter, mulm og andre dikt hadde Aamodt ein poetisk pause i ti år. I 1990 gav han ut samlinga Stå, som var strengare komponert enn dei to føregåande samlingane. Aamodt sjølv har sagt at Stå er basert på relativitetsteorien. Samlinga er bygd opp av 51 strofer, med 3 linjer på kvar side, og kvar side står utan tittel.

Også ABC (1994) vitnar om både formmedvit og naturvitskapleg interesse. Samlinga var ifølgje Aamodt bygd på ei bok om termodynamikk av nobelprisvinnaren Ilya Prigogine. ABC er delt i tre: Samlinga byrjar med ei skapingssoge gjennom 7 nummererte dikt, held fram med ein midtbolk som er bygd opp av 29 dikt – eit til kvar bokstav i alfabetet – og sluttar med ei nedteljing frå 7 til 1. «I Bjørn Aamodts ABC kan gamle vanelesarar læra meir om kor rikt språket er, kor soleklårt og gåtefullt, og kor mange lysår, kvantar, augneblinkar og fossile restar det har i seg», skriv Kjartan Fløgstad i etterordet til Samlede dikt 1973–2004.

Kvar hamn er eit dikt

Aamodt vidareutvikla denne systematikken i dei neste samlingane, Anchorage (1997) og Atom (2002), utan at arbeidarblikket hans blei borte av den grunn. I Anchorage er det 43 dikt, der (nesten) alle er namngitt etter hamnebyar rundt om i verda. Det er både overraskande refleksjonar og sterkt ekspresjonistiske bilete i denne sjømannslyrikken. Aamodt fangar inn detaljar med kløkt og sanseevne, og skaper dikt som er like klare som dei er gåtefulle. Også i Atom er det 43 dikt, men denne gongen er dei kalla opp etter ei rekkje grunnstoff. Aamodt legg dei minste komponentane i universet under lupa og lèt grunnstoffa sine eigenskapar og rørsler stige fram i eit eige poetisk lys.

Om det sosiale rundt arbeidet opptok Aamodt i dei første bøkene, står sjølve arbeidet i sentrum i den siste: Arbeidsstykker og atten tauverk (2004) er ikkje berre ein hyllest til arbeidsfellesskapet, men òg til det fysiske arbeidet. Som tittelen røper, er boka delt i to. Arbeidsstykka går nært innpå konkrete situasjonar på arbeidsplassen, medan dei atten tauverka er taktile refleksjonar rundt ulike «tauverk» – frå navlestrengen til reipet. Om Aamodt var konkretist og systemdiktar, var han like mykje kroppsarbeidar i tungindustrien, og dette prega diktinga hans heile tida: «Skriftarbeid og skiftarbeid går uanstrengt over i kvarandre», skriv Fløgstad i etterordet. I bøkene til Aamodt kan difor daglegspråk og kunstspråk vere det same.

Då Aamodt døydde, etterlét han seg eit manuskript til ei ny diktsamling. Dikta i Avskjed (2010) er stila til Aamodt sin hund Frodo, som døydde i 2005. Det var Henning Karlbom som redigerte og skreiv etterordet til samlinga. Boka er eit poetisk testamente som med eit nøkternt språk held det sentimentale stoffet i sjakk. Aamodt sin poesi slektar mellom anna på Georg Johannesen og Rolf Jacobsen, og på skandinavar som Hans-Jørgen Nielsen og Tomas Tranströmer. Samstundes er forfattarskapen til Aamodt heilt unik, og i åra etter han døydde, har han flytta seg nærmare og nærmare sentrum i den norske lyrikkhistoria.

Kjelder

Kjartan Fløgstad: «Arbeidets krone», etterord i Samlede dikt. Oslo 2007

Henning Karlbom: «Bjørn Aamodt på spissen av blyanten», Kritiker nr. 3/2008, audiatur.no: http://www.audiatur.no/bokhandel/omtaler/15 [lesedato 14.1.2015]

Atle Kittang: «Poeten Bjørn Aamodt og ettermælet hans», Vagant nr. 4/2007, vagant.no: http://www.vagant.no/poeten-bjorn-aamodt-og-ettermaelet-hans/ [lesedato 14.1.2015]

Jan Erik Vold: «Han gir leseren en palme. Litt om Bjørn Aamodts poesi», Vinduet 1998, vinduet.no: http://arkiv.vinduet.no/tekst.asp?id=3&p=y [lesedato 14.1.2015]

Peikarar

Harriet Eide: «Kranfører griper tida», intervju med Bjørn Aamodt i Dagbladet 19.8.2002

Sindre Ekrheim: «Dikter et hundeliv», bokmelding av Avskjed, Bergens Tidende 6.9.2010

Jan Erik Vold: «Den umistelige poet», nekrolog i Aftenposten 10.5.2006

Nils-Øyvind Haagensen: «Hvem er redd arbeiderdikteren?», intervju med Kjartan Fløgstad om Bjørn Aamodt i Klassekampen

Først publisert: 19.08.2015
Sist oppdatert: 28.01.2016