Hopp til innhold
X
Innhald

Bjørn Aksdal

Bjørn Aksdal, førsteamanuensis, ein av dei fremste folkemusikk-kjennarane våre.

Bjørn Aksdal er fødd 24. oktober 1953 i Trondheim. Han er cand.philol., med hovudfag i musikkvitskap, frå Universitetet i Trondheim. Sidan 1986 har han vore knytt til Rådet for folkemusikk og folkedans (Rff). Som forskar og skribent har Aksdal gjort seg gjeldande i inn- og utland og har publisert ei rad med artiklar og bøker. Han har vore musikkmeldar i ulike tidsskrift og aviser og har formidla folkemusikk som programskapar for NRK Radio.
Aksdal har interessert seg spesielt for dei eldre instrumenta, både som utøvar, samlar, forfattar og plateprodusent. Denne interessa førte mellom anna til boka Med Piber og Basuner, Skalmeye og Fiol (1982). Pedagogiske artiklar relatert til folkemusikk har òg vore eit varemerke, Aksdal var medredaktør og medforfattar i bøkene Fanitullen. Innføring i norsk og samisk folkemusikk (1993) og Trollstilt. Lærebok i tradisjonsmusikk (1998).
I 1990-åra var Aksdal leiar for «Hardingfeleprosjektet», eit omfattande forskingsprosjekt om dei eldste hardingfelene. Dette prosjektet starta i 1995 og hadde to hovuddelar: dokumentasjon og datering av hardingfeler som var bygde før ca. 1870. Føremålet var å etablere ei framstilling av den eldste historia til hardingfela og dessutan den kronologiske og regionale utviklinga. Det omfattande materialet er formidla i boka Hardingfela (2009) og har fått fram mykje ny kunnskap om dette instrumentet.
Kjelder
Forfattaromtale i Norsk folkemusikklag si årbok 2008
Forfattaromtale i Årbok for folkemusikk 2000

Først publisert: 17.10.2012
Sist oppdatert: 08.05.2013