Hopp til innhold
X
Innhald

Elisabeth Andreassen

Elisabeth Andreassen (tidlegare Andreasson), fødd 1958, er songar. Ho voks opp i Sverige og var songartist der før ho danna duoen Bobbysocks i Noreg saman med Hanne Krogh. Dei representerte Noreg i Melodi Grand Prix i 1985 og vann den internasjonale finalen med melodien La det swinge. Andreassen har gitt ut fleire soloplater og har samarbeidd med ei rekkje andre artistar, mellom andre Jan Werner Danielsen og Alexander Rybak.

Ho er ein allsidig og populær songar som også har hatt roller i musikalar og revyar.
 
Sjå Bobbysocks med La det swinge frå 1985,
 
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.10.2013
Sist oppdatert: 29.10.2013