Hopp til innhold
X
Innhald

Frederick William Ashton

Sir Frederick William Ashton, 1904–88, var britisk dansar og koreograf. Frå 1935 var Ashton sjefkoreograf ved Sadlers Wells og Royal Ballet. Han leidde Royal Ballet i 1961–70 og utvikla ensemblet til å bli eit av dei beste i verda. Dei meir enn 80 ballettane hans spenner frå klassiske til reint abstrakte ballettar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 16.04.2014