Hopp til innhold
X
Innhald

Frode Alnæs

Frode Alnæs, fødd 1959 i Kristiansund, er komponist og gitarist, utdanna ved jazzlinja ved Musikkonservatoriet i Trondheim.

Han har bakgrunn i jazz, men har hatt størst kommersiell suksess som låtskrivar og frontfigur i popbandet Dance With A Stranger.
Pressefoto frå frodealnaes.no
Pressefoto frå frodealnaes.no
 
Alnæs har også skrive musikk for ei rekkje andre artistar, mellom andre som Lynni Treekrem, Ole Edvard Antonsen, og Sissel Kyrkjebø. Han har også spelt saman med og medverka på ei rekkje plater for andre artistar og har i tillegg turnert for Rikskonsertane.
Alnæs har skrive fleire bestillingsverk, mellom anna Til Voss for Vossa Jazz 1997 og operaen Donna Bacalao for Operaen i Kristiansund.
Frode Alnæs har vunne tre Spellemannsprisar og er kåra til Årets Spellemann.
Sjå intervju med Frode Alnæs:
Sjå  live-opptak frå Dance With A Stranger It Wasn't Me:
Kjelder:
www.frodealnaes.no
Norsk pop & rock leksikon

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.10.2013
Sist oppdatert: 29.10.2013