Hopp til innhold
X
Innhald

Georg Arnestad

Georg Einar Arnestad, forskar og skribent med sterke meiningar, særleg om kulturpolitikk og regional utvikling.

Arnestad er fødd 17. november 1948 i Gloppen. Han er utdanna siviløkonom ved Norges Handelshøyskole, med økonomisk historie som spesialfelt, og har i tillegg samfunnskunnskap og sosiologi som universitetsfag. Sidan 1981 har han arbeidd som forskar og forskings- og utviklingsleiar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane (tidlegare Sogn og Fjordane distriktshøgskule) og Vestlandsforsking i Sogndal, berre avbrote av nokre rådgivingsoppdrag for Kulturdepartementet og Norsk kulturråd. Etter samanslåinga av høgskulane Stord/Haugesund, Bergen og Sogn og Fjordane har han vore seniorrådgivar ved Høgskulen på Vestlandet. Han leia frå 2017 til 2018 ei arbeidsgruppe ved høgskulen som skulle førebu språkpolitiske retningsliner for den nye institusjonen. Høgskulen på Vestlandet har set seg mål om å vere den leiande høgskulen på nynorsk, og å arbeide for meir norsk fagspråk. 
 
Arnestad var frå 1981 til 1987 redaktør for tidsskriftet Søkelys på Sogn og Fjordane og frå 1994 til 1999 for Norsk kulturårbok. Gjennom dei seinare åra har han fått status som ein slags fylkessynsar i media i Sogn og Fjordane. Meiningane hans er prega av eit kritisk blikk på mangt i lokalsamfunna. Ikkje sjeldan har han etterlyst visjonar for regional utvikling i større format.
 
Arnestad har vore styremedlem i Nynorsk kultursentrum frå 2008 til 2016 og i Allkunne AS frå 2012 til same året. 
 
Kjelder
CV for Georg Arnestad, Høgskulen i Sogn og Fjordane, http://www.hisf.no/no/ansatt/vis/georg.arnestad
 
Peikar

Først publisert: 27.07.2009
Sist oppdatert: 30.07.2018