Hopp til innhold
Grafisk trykk som viser Gregorio Allegri, laga av kunstnaren Francesco Faraone Aquila (ca. 1676 – ca. 1740) og gravert av James Caldwell (1739–1819).
Grafisk trykk som viser Gregorio Allegri, laga av kunstnaren Francesco Faraone Aquila (ca. 1676 – ca. 1740) og gravert av James Caldwell (1739–1819).
X
Innhald

Gregorio Allegri

Gregorio Allegri, italiensk renessansekomponist. Han vert først og fremst hugsa for korverket Miserere, som vart framført kvar påske i Det sixtinske kapellet i over 200 år.

Gregorio Allegri var fødd i 1582 i Roma og døydde 7. februar 1652 i Roma. Han gjekk på skulen til kyrkja San Luigi dei Francesci, der han song i koret og fekk musikkopplæring frå 1591 av Giovanni Bernardino Nanino og bror hans, Giovanni Maria, som arbeidde i Vatikanet og var ein meister i den gamle stilen («stile antico»).

I 1607 vart Allegri utnemnd til songar og komponist for katedralen i Fermo, der han vart verande i 14 år, til han i 1621 fekk ei liknande rolle i Tivoli. I 1628 fór han til Roma att, der pave Urban 8. året etter gav han plass i pavekoret. Det var likevel som komponist han vart lagd merke til, og i 1650 vart han kapellmeister for pavekoret, ei svært høgtståande stilling, som han hadde til han døydde i 1652, 69 år gamal.

I si tid var Allegri mest kjend for annan kormusikk, mellom anna tonesetjingane av Jeremias' klagesongar og messa Vidi turbam magnam. Korverket Miserere vart truleg komponert i 1630-åra til dei såkalla tenebrae-messene i påskeveka. Sjølv om dette stykket er det verket hans som oftast vert framført i dag, fekk det ikkje fast plass i påskerepertoaret til Vatikanet før i 1660-åra. Versjonen vi kjenner, er elles noko ulik den Allegri skreiv, sidan dei mest karakteristiske melodielementa originalt vart improviserte for kvar framføring, medan Allegri berre skreiv den enkle harmoniseringa av teksten. Vår tids versjon vart konstruert av musikologen Robert Haas i 1930-åra.

(Artikkelen held fram under videoen)

Video: Framføring av korverket Miserere ved vokalgruppa Tallis Scholars.

På grunn av den høge statusen verket etter kvart fekk i Vatikanet, vart det erklært ulovleg å kopiere, og det var dette forbodet den 14 år gamle Mozart braut då han noterte ned ein forenkla versjon etter å ha høyrt det berre to gonger i påska 1770.

Kjelder

Andrew Stewart: «Gregorio Allegri. Rome's eternal voice», BBC Music Magazine, May 2013.

Jerome Roche og Noel O’Regan: «Allegri, Gregorio», Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/00602 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 23.5.2014]

Først publisert: 02.09.2015
Sist oppdatert: 02.09.2015