Hopp til innhold
X
Innhald

Haakon Aasvejen

Haakon Aasvejen, målmann, skulestyrar, venstremann, redaktør og republikanar.

Haakon Aasvejen var fødd 21. august 1862 i Hegra i Stjørdal og døydde 6. oktober 1919. Han tok lærarutdanning ved seminaret i Klæbu i 1880–82. Etter dette arbeidde han som lærar på Elverum i 1882–83 og i Stjørdal i 1883–87, før han i 1887 vart styrar ved Hornindal friskule. Skulen vart lagd ned i 1890, og Aasvejen vart då fylkesskulestyrar i Nedenes Amt (no Aust-Agder). I 1892 flytta han til Stjørdal igjen som lærar og kyrkjesongar, før han i 1896 vart sekretær i Norges Venstreforening. I 1898 vart han styrar ved Fjordane amtsskule i Florø. I 1900 flytta både skulen og Aasvejen til Nordfjordeid, der han vart redaktør for Fjordabladet same året. Desse stillingane hadde han fram til 1917, då han vart tilsynsmann for folkehøgskulane.
Aasvejen var ein av skiparane av Firda Mållag i 1899, var formann i Firda Ungdomslag 1902–04 og hadde òg ei rekkje andre verv. Han er kanskje mest kjend som redaktør i Fjordabladet på Nordfjordeid, som til liks med mange lokalaviser hadde eit sterkt redaktørpreg. I 1905 markerte Aasvejen seg som motstandar av Karlstad-forliket og som republikanar.
På kyrkjegarden ved Eid kyrkje er det reist ein minnestein over Aasvejen.
Kjelder
J.M. Steffensen: «Haakon Aasvejen 21-8-1862 – 6-10-1919», Ung-Norig nr. 1–2/1925, s. 2–7
Gyri Tolaas: «Fjordenes blad i 1905», i Kari Hasle, Jens Johan Hyvik og Harald E. Tafjord: Lokale røyster i 1905. Unionsoppløysinga i aviser på Nord-Vestlandet. Høgskulen i Volda 2005, s. 55–70
Peikarar

Først publisert: 09.02.2012
Sist oppdatert: 28.08.2013