Hopp til innhold
X
Innhald

Håkon Aasnes

Håkon Aasnes er teikneserieskapar, ein av dei mest produktive og allsidige i Noreg. Han er sjølvlært og er ein av få som både teiknar og skriv teikneseriehistorier.

Aasnes er fødd 13. februar 1943 og bur i Aurskog i Akershus. Sidan debuten med Seidel og Tobram i 1972 har han teikna 17 teikneseriar.

 

Aasnes skriv og teiknar seriar i ulike sjangrar, både for born og vaksne, og både ein-siderar og føljetongar. Best er han når han står for både tekst og teikning i seriar han sjølv har skapt. Døme på det er avisserien Seidel og Tobram frå 1972, om to originalar i ei norsk bygd. På det meste gjekk serien i 17 aviser. Eit anna døme er den spennande ungjenteserien Annika, som starta i Norsk Barneblad i 1991, og som går enno. Begge desse seriane er føljetongar, og dei har fått kultstatus. Ein annan føljetong med tekst og strek av Aasnes er Vi på Eiketun i Bondebladet, med delvis same personar som i Annika.

 

Han lagar no tekst og teikning til mellom anna Smørbukk og Stomperud, teiknar Gråtass og er ein av fleire teiknarar på Tuss og Troll. Han har mellom anna teikna Olsenbanden, Gjest Bårdsen, Fantomet og Donald Duck. Aasnes er den første nordmannen som skriv og teiknar Disney-seriar basert på eige manus.

 

Aasnes fekk Kyrkje- og undervisningsdepar tementet sin teikneseriepremie i 1981, og i 2005 vart han utnemnd til æresmedlem i Smørbukks Vener.

 

Kjelder

Eirik Helleve: Skrinet med det rare i. Norsk Barneblad 125 år. Oslo 2012

 

Jan Rudolf Pettersen: «Tegneseriemesteren», rb.no, publisert 24.2.2004: https://www.rb.no/lokal-kultur... [lesedato 18.8.2017]

 

Peikarar 

Oversikt over Håkon Aasnes sin produksjon, minetegneserier.no

Først publisert: 18.10.2017
Sist oppdatert: 18.10.2017