Faktaboks

Halfdan Asphaug
Fødd
21. august 1887, Hitra, Trøndelag
Død
15. desember 1964, Sandefjord, Vestfold

Halfdan Asphaug var lærar, folkehøgskulestyrar og redaktør av fleire nynorskaviser og -blad.

Bakgrunn

Halfdan Asphaug var fødd på Hitra i Sør-Trøndelag og døydde i Sandefjord i Vestfold. Han var ferdig uteksaminert frå Troms lærarskule i 1909. Han var lærar ved Lom framhaldsskole 1910–1911 og Agder Folkehøyskole 1911–1913. Så arbeidde han 15 år som lærar ved Østfold Folkehøyskole (1913–1928), utanom åra 1920–1921, då han hadde permisjon for å gå på lærarhøgskulen i København. Samstundes som han var lærar ved Østfold Folkehøyskole underviste han òg i norsk ved Østfold småbruksskole i perioden 1918–1928. Han var deretter styrar ved Skiringssal Folkehøgskole ved Sandefjord frå 1928 og fram til han gjekk av med pensjon i 1958.

Språkarbeidet

Som student ved Troms lærarskule var Asphaug med i mållaget Heimhug, og i 1907 var han drivkrafta bak skipinga av Lauvsprett – Nord-Noreg sitt første ungdoms- og målblad. Han var redaktør for bladet fram til han var ferdig på lærarskulen i 1909. Seinare var han òg redaktør for ei rekkje andre aviser og blad, mellom anna Bonden i Gjøvik (1909–1910), det nynorske vekebladet For Bygd og By (sommaren 1913), avisa Østlandet i Mysen (1916–1919) og Vestfold ungdomsfylking sitt blad Dag (1928–1940).

Norsk språknemnd blei skipa i 1952 som rådgivande organ i språkspørsmål, fekk Asphaug plass som ein av medlemene. Han var ein populær foredragshaldar og snakka gjerne om temaet språk.

Anna engasjement og utmerkingar

Asphaug var i fleire periodar representant for partiet Venstre i Eidsberg herredsstyre og Mysen kommunestyre. Han var òg mellom anna fylkesinspektør for folke- og skuleboksamlinga i Østfold og Vestfold og styremedlem i Noregs høgskulelærarlag og Norsk Bibliotekforening.

I 1938 fekk han tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Arthur Brox (red.): Mållaget Heimhug, Troms lærarskule. Festskrift utgjeve av laget til 25 årshøgtida. Tromsø 1923
  • Arne Espeland (red.): Norske skolefolk. Stavanger 1934
  • Sven Moren og Edvard Os: Den frilynde ungdomsrørsla. Norigs ungdomslag i 25 år. Noregs Ungdomslag 1921
  • Universitetsbiblioteket i Oslo: Norske aviser 1763–1969. En bibliografi. Oslo 1973
  • Henrik Vestreng og Jofred Stortrøen: Jubileumsskrift for Smålenenes folkehøiskole, Toneheim folkehøgskole, Bondelagets folkehøgskole 1910–1960. Oslo 1961

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg