Hopp til innhold

Hans Aarnes

Hans Daniel Kristenson Aarnes, redaktør og forleggjar. Han var ein av dei store gründerane i norsk pressehistorie generelt og nynorsk pressehistorie spesielt.

Aarnes var fødd i Vatne på Sunnmøre 6. mai 1886 og døydde 25. oktober 1960. Etter eksamen frå navigasjonsskule i 1904 var han handelsstyrar nokre år før han i åra 1909–32 arbeidde som redaktør eller redaksjonssekretær i Aarvak (Ålesund 1909–11), Norig (Skien 1911–13), Hardanger (Odda 1913–16), Gula Tidend (Bergen 1916–20), Bondebladet (Bergen 1921–23) og Agder Tidend (Kristiansand 1923–32).
 
I 1913 etablerte Aarnes Norsk Bladmannalag for landsmålsskrivande journalistar, og etter ein studietur til USA sette han i gang Bladmannaskulen i 1919. Dette var den første journalistutdanninga i Noreg.
 
Aarnes skipa Nynorsk Vekeblad (1934–54), som han sjølv redigerte til 1942, med eit opplag på 38 000 på det meste, og frå 1940 bygde han opp Fonna Forlag. Den viktigaste utgivinga, som knekte forlaget økonomisk, var det allmenne oppslagsverket Norsk Allkunnebok (ti bind 1948–66), som han tok til å arbeide med i 1918.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 02.10.2009
Sist oppdatert: 05.07.2013