Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Hans Frode Kielland Asmyhr

Hans Frode Kielland Asmyhr, jurist og stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Akershus 2005—13. Frå 2013 arbeider han i PR-byrået Burson-Marsteller.

Hans Frode Kielland Asmyhr er fødd 16. februar 1970 i Lørenskog i Akershus og har vakse opp i Oslo og i Sørum i Akershus. Han gjekk på Lillestrøm videregående skole 1986–90 (Grayson County High school i 1987–88), tenestegjorde i Garden i 1990–91, var jurist ved Universitetet i Oslo i 1991–98 og tok totalforsvarskurs og informasjonskurs ved Forsvarets høgskole i 2006.
Han var assistent ved Moenga bo- og treningssenter i 1992–97, stipendiat ved The George Washington University i USA i 2000, politisk rådgivar for Framstegspartiet si stortingsgruppe i 1998–2003, sekretariatsleiar i 2003–05 og stortingsrepresentant for Framstegspartiet frå Akershus 2005—13. Frå 2013 arbeider han i PR-byrået Burson-Marsteller.
Asmyhr var leiar av Sørum Framstegsparti i 1995–98, representant i Sørum kommunestyre i 1995–2005, medlem av Akershus fylkesting i 1995–2003 og medlem av fylkesutvalet i 2003–05. Han var leiar av Akershus Framstegsparti i 2001–06, medlem av landsstyret i 2002–06 og blei vald inn på Stortinget for Framstegspartiet i 2005. Dei viktigaste politiske sakene hans er samferdsel og rammevilkåra for små og mellomstore bedrifter.
Asmyhr var medlem i styret for Bygdeutvikling i Akershus i 1993–95, nestleiar i klientutvalet i Sørum og medlem av hovudutvalet for oppvekst og omsorg i 1995–98. Han var medlem av næringsutvalet og nestleiar i likningsnemnda i Sørum i 1995–99, leiar av oppvekstutvalet i 1997–99 og overlikningsnemnda i 1999–2003. Asmyhr var medlem av styret for Statens nærings- og distriktsutviklingsfond i Akershus i 1999–2000, Akershus Nett i 1997–2000, Østnett i 2000–01, komiteen for utdanning og kompetanse i Akershus i 2003–05, Industriutvalet i 2004–05, Akershus Energi i 2000–05 og Akershus Kraft i 2004–05, og han er sentralstyremedlem i Europabevegelsen frå 2011. Han er medlem av riksrettsutvalet i perioden 2013—19.
Kjelder
Hans Frode Kielland Asmyhr, Representanter og komiteer, stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=HAFA [lesedato 3.3.2012]
«Fra Stortinget til PR-jobb», kampanje.com, publisert 11.10.2013: http://kampanje.com/archive/2013/10/fra-stortinget-til-pr-jobb/ [lesedato 9.2.2014]
Peikarar

Først publisert: 18.12.2012
Sist oppdatert: 02.02.2015