Hopp til innhold
Foto: Ivar Aasen-tunet
Foto: Ivar Aasen-tunet
X
Innhald

Henrik Angell

Henrik August Johanson Angell, offiser, forfattar, militærromantikar og krigshelt, som gjekk på ski over Hardangervidda før Fridtjof Nansen og fremja interessa for skiidrett i Noreg og utanlands.

Henrik Angell var fødd 22. august 1861 i Luster i Sogn og døydde 26. januar 1922 i Kristiania. Han utdanna seg ved Krigsskulen i Kristiania frå 1877 til 1882 og den militære høgskulen frå 1882 til 1886.

Med aspiranttid i generalstaben steig han raskt i gradane. Mellom anna var han kaptein og sjef for 2. linjekompani av Sogn bataljon frå 1889 i seks år, frå 1911 oberst og sjef for Søndermør infanteriregiment fram til 1914 og deretter sjef for Smaalenenes infanteriregiment fram til 1918. Då fekk han avskil i nåde for å verve seg til den franske framandlegionen. Han kjempa først på Vestfronten. Seinare, under teneste i Murmansk, vart han hardt skadd og vende heim til Noreg i 1920. Før han døydde, skreiv han artiklar og heldt foredrag om dei eventyrlege opplevingane sine.

Debutboka hans var ei lærebok i teikning i 1893. Seinare kom om lag tjue bøker, særleg reiseskildringar og krigshistorie. Populær vart Gjennem Montenegro paa ski (1895), basert på ein ekspedisjon Angell gjorde under eit studieopphald i Montenegro, der han studerte den montenegrinske fridomskampen. Den heroiske guteboka De sorte Fjeldes Sønner (1896), var dedisert til Noregs ungdom og hær. Opplagstala var svært høge på nokre av arbeida hans, Syv-aarskrigen for 17de mai (1914) er eit døme. Angell var målmann og gav ut fleire bøker på nynorsk, mellom dei Norsk skilauparsoga (1908). Mykje av den litterære produksjonen vart omsett til serbisk og fransk. Braves enfants, basert på Kjække gutter og jenter (1904), vart utgitt posthumt.

Angell gjekk på ski over Hardangervidda i 1884, like før Fridtjof Nansen gjorde det same. Angell ønskte å vere med på skiferda over Grønland, men det vart med draumen. Han er elles rekna som grunnleggjaren av skiidretten i Montenegro, etter at prins Nikola i 1893 bad han om å starte skiskule i Cetinje for militære og sivile. Han var seinare med på å etablere den første skiskulen i Frankrike.

Angell vart den første norske medlemen av Den internasjonale olympiske komité (IOC), i 1905. Han fekk mange utmerkingar, mellom anna det serbiske militærkorset, det britiske militærkorset og det franske krigskorset med rosett. Han vart offiser av Æreslegionen i Frankrike. Under OL i Sarajevo i 1984 vart skisportpioneren Angell heidra med ei minnetavle i Cetinje.

Kjelder
Roy Andersen: Henrik Angell. En nordmann på tvers. Oslo 2000
Andreas Bjørkum og Jarle Bondevik: Dikting og diktarar frå Sogn. Sogn historielag. Førde 1979
Egil Børre Johnsen og Trond Berg Eriksen (red.): Norsk litteraturhistorie. Sakprosa, bd. 1 og 2. Oslo 1998
Gunvor Risa: «Barnelitteratur – i fedrelandets teneste», i Egil Børre Johnsen og Trond Berg Eriksen (red.): Norsk litteraturhistorie. Sakprosa, bd. 1. Oslo 1998
Sverre Tusvik: «Bestseljarar i det 20. hundreåret», i Egil Børre Johnsen og Trond Berg Eriksen (red.): Norsk litteraturhistorie. Sakprosa, bd. 2. Oslo 1998
Roy Andersen: «Henrik Angell», Norsk biografisk leksikon, elektronisk utgåve, Store norske leksikon, snl.no: http://snl.no/.nbl_biografi/Henrik_Angell/utdypning [lesedato: 9.6.2012]
Roy Andersen: «Henrik Angell», http://home.online.no/~roya5/hangel.htm [lesedato 9.6.2012]
Peikarar

Først publisert: 08.02.2013
Sist oppdatert: 10.04.2018