Hopp til innhold
Henrik Asheim
Henrik Asheim
Stortinget. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Henrik Asheim

Henrik Asheim, politikar frå Høgre og forsking- og høgare utdanningsminister frå 2020. Han har tidlegare vore leiar i Unge Høgre, konstituert kunnskapsminister og leiar av finanskomiteen på Stortinget.

Henrik Asheim er fødd 21. august 1983 i Bærum. Han fullførte allmennfagleg studieretning på Valler videregående skole i 2002. I 2012–13 tok han fag i kommunikasjon og leiing ved Handelshøyskolen BI. Han har arbeidd som SFO-medarbeidar og lærarvikar ved Jong barneskole i 2002–03 og som resepsjonist og personalkonsulent i bemanningsbyrået Adecco i 2006–08.

Asheim var leiar av Bærum Unge Høgre i 2003–04, ungdomssekretær i Akershus Unge Høgre i 2003–04, politisk rådgivar same staden i 2004–05 og leiar i Akershus Unge Høgre i 2005–06. I 2006 vart han nestleiar i Unge Høgres landsforbund, og frå 2008 til 2012 var han leiar i Unge Høgre, etter at Torbjørn Røe Isaksen gjekk av. I perioden 2007–11 var Asheim medlem av Bærum kommunestyre og Akershus fylkesting. Frå 2013 er han stortingsrepresentant for Akershus. Han var medlem av kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen 2013–2017, og i perioden 2017–21 sit Asheim i finanskomiteen, frå 2018 til 2020 var han leiar av komiteen, sidan dåverande leiar Nikolai Astrup vart utviklings- og bistandsminister. Asheim er frå januar 2020 forsking- og høgare utdanningsminister.  

Medan Torbjørn Røe Isaksen var i foreldrepermisjon, vart Henrik Asheim utnemnd som statsråd i Kunnskapsdepartementet frå 15.9.2017 til 26.11.2017. Det er første gongen nokon utanfor regjeringa har site som fungerande statsråd under ein permisjon eller ei sjukmelding. Asheim markerte seg med å fremje forslag om minst 4 som karakter i matematikk for å verte sjukepleiar, og han engasjerte seg sterkt mot vald på enkelte skular i Oslo.

Henrik Asheim var som leiar av Unge Høgre aktiv i debatten om sidemålsundervising. Han arbeidde for at flest mogleg kommunar skulle søkje om forsøk med valfritt sidemål, og han ville at Bondevik 2-regjeringa skulle avskaffe sidemålsundervisninga og eksamen i sidemål. Det fekk han ikkje gjennomslag for.

Frå 2012 til 2016 var Asheim leiar for styret i foreininga Sex og samfunn. Saman med stortingsrepresentant Tina Bru (H) driv han ein av dei mest populære politikk-podkastane i Noreg, «Stortingsrestauranten».

Kjelder

Henrik Asheim, «Representanter og komiteer», stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=HEA [lesedato 16.1.2018]

Aktuelle saker frå Kunnskapsdepartementet. regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/aktuelle_saker/id2000005/?ownerid=586&page=3 [lesedato 16.1.2018]


Først publisert: 30.01.2018
Sist oppdatert: 10.02.2020