Hopp til innhold

Hilmar Alexandersen

Hilmar Alexandersen, 1903–93, var ein dyktig felespelar frå Steinkjer. 

Alexandersen spela frå han var ni år gammal og lærte av foreldra og omstreifande bygdespelemenn. Han spela uvanleg reint og rytmisk, og var den fremste representanten for folkemusikk på vanleg fele i Noreg. Alexandersen spela også hardingfele og komponerte slåttar. Det er oppretta eit fond til minne om Hilmar Alexandersen som kvart år har ei prisutdeling.
 
Sjå Jo Einar Jansen og Johanna Adele Jüssi spele reinlender av Hilmar Alexandersen:



 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.10.2013
Sist oppdatert: 05.12.2017