Hopp til innhold
Faksimile av framsida til boka Kreftene (1985). Kjelde: nb.no. Nytta etter avtale med Nasjonalbiblioteket.
Faksimile av framsida til boka Kreftene (1985). Kjelde: nb.no. Nytta etter avtale med Nasjonalbiblioteket.
X
Innhald

Inger Helene Arnestad

Inger Helene Arnestad, forfattar og omsetjar frå Åmot i Østerdalen, med både faglege og skjønlitterære utgivingar. Det var ho som omsette bøkene om Albert Åberg til nynorsk.

Inger Helene Arnestad var fødd 21. april 1938 i Os i Østerdalen og døydde på Rena 8. september 2018. Ho gjekk ut frå Hamar handelsgymnas med svært gode karakterar i 1958. Arnestad gav ut både skjønlitteratur og fagbøker.

Frå 1976 og i fleire utgåver framover gav ho saman med Anne Hvenekilde ut det omfattande læreverket Snakker du norsk?, eit verk med både lydopptak og lærebøker for framandspråklege som ville lære seg norsk.

Arnestad er kjend for å ha omsett ei rekkje av Gunilla Bergström sine bøker om Albert Åberg til nynorsk. I 1980-åra kom seks titlar om den fantasifulle guten i nynorsk språkdrakt.

I det same tiåret gav ho òg ut dei tre romanane Løgn (1982), Kreftene (1985) og Pensum (1989) på Det Norske Samlaget. Debutboka Løgn handlar om eg-personen sitt forhold til ein Thomas, eit forhold prega av bedrag og sjølvbedrag. Den frittståande oppfølgjaren Kreftene er forma som eit brev frå Beate til ein ven, der ho fortel om eit kjærleiksforhold som blir brote og om arbeid som går i stå.

I 1985 var Arnestad medredaktør for antologien Nynorsk av hjartans lyst på Samlaget.

Arnestad skreiv i 1991 teksten til ei framsyning om Rena Kartonfabrik, som ei sympatierklæring til den nedleggingstrua fabrikken, som blei endeleg nedlagd i 1998. Musikken stod Per E. Knudsen for. Musikkframsyninga I en pappask er blitt framført fleire gonger seinare. I 1990-åra skreiv ho skodespelet Skinn for Det Åpne Teater i Oslo.

 

Kjelder

Inger Helene Arnestad, forfattarside, forfattarkatalogen.no: https://www.forfatterkatalogen.no/forfattere/inger-helene-arnestad/ [lesedato 26.11.2019]

Kristin Søgård: «Hundre års historie i en pappask», ostlendingen.no, publisert 26.10.2013: https://www.ostlendingen.no/nyheter/midt-osterdal/midt-osterdal/hundre-ars-historie-i-en-pappask/s/2-2.2757-1.8130471 [lesedato: 26.11.2019]

 

Peikarar

Inger Helene Arnestad, bibliografi i Oria, bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com

Først publisert: 06.10.2020
Sist oppdatert: 06.10.2020