Hopp til innhold
Foto: Jan Erik Svendsen
Foto: Jan Erik Svendsen
X
Innhald

Ingrid Andsnes

Ingrid Andsnes, pianist som har vore oppteken av å utforske nye formidlingsmåtar for klassisk musikk. Som solist og kammermusikar har ho i fleire år reist på turnear for Rikskonsertane og Den kulturelle skulesekken.

Ingrid Andsnes er fødd 23. februar 1978 i Karmøy i Rogaland. Ho gjekk på musikklinja på Skeisvang videregående skole i Haugesund, mellom anna med broren, Leif Ove, som lærar. Etter vidaregåande byrja ho på studiar ved Barrat Due Musikkinstitutt i Oslo, med avsluttande eksamen i 2003. Her studerte ho under professor Jiří Hlinka. Ho har òg studert under professor Joan Havill ved Guildhall School of Music and Drama i London, der ho fullførte masterstudiet sitt i 2005.
Ingrid Andsnes har i si musikkformidling lagt vekt på å ta i bruk andre kunstartar, til dømes dans, og ho legg òg vekt på at formidlinga til publikum skal vere ekte, nærverande, overraskande og utfordrande. Ho har ei brei tilnærming til repertoaret sitt og spelar alt frå Mozart til samtidsmusikk, med ei spesiell interesse for musikk frå 1900-talet.
Som pianist har Ingrid Andsnes spela ved nokre av dei viktigaste musikkfestivalane i landet, mellom dei Olavsfestdagane i Trondheim, Festspela i Bergen, Oslo Kammermusikkfestival og Ultimafestivalen i Oslo. Hausten 2010 medverka ho på sitt første album, som solist med Telemark Kammerorkester i Mozarts klaverkonsert nr. 12.
Ingrid Andsnes har vunne fleire internasjonale prisar, mellom dei Janáček-prisen i den internasjonale Rudolf Firkusny-konkurransen i Praha i 2003, i tillegg til ei rekkje norske prisar. Ho har fått fleire stipend og legat for utøvinga si, mellom anna frå Klæstads legat, Fegersteens stiftelse, Jansons legat og Statens kunstnarstipend.
Kjelder
E-postar frå Ingrid Andsnes 21.10., 28.10. og 30.10.2011
Ingrid Andsnes, eigen nettstad, http://ingridandsnes.com/ [lesedato 7.2.2012]

Først publisert: 07.02.2012
Sist oppdatert: 08.05.2013