Faktaboks

Ivar Aasen

Ivar Andreas Aasen

Fødd
5. august 1813, Ørsta
Død
23. september 1896, Kristiania (Oslo)
Verke
Språkforskar og diktar
Familie

Foreldre: Bonde Ivar Jonsson Aasen (1757–1826) og Guri Jonsdotter Hovden (1763–1816).

Ugift.

Ivar Aasen (rundt 58 år gamal)
Av /Oslo museum.

Sumaren 2000 blei Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda i Ørsta opna.

.
Ivar Aasen
Ivar Aasen
Av .
Ivar Aasen (rundt 68 år gamal)
Ivar Aasen (rundt 68 år gamal)
Av .

Ivar Andreas Aasen var ein norsk språkforskar og diktar. Han samla inn og systematiserte dialektar og skapte det han kalla landsmålet, og la såleis grunnlaget for det moderne nynorske skriftspråket. Han har blitt karakterisert som ein av dei største norske språkforskarane og er grunnleggjaren av norsk dialektologi.

Skriftspråket i Noreg var lenge dansk, men på 1830-talet starta ein debatt om behovet for eit eige norsk skriftspråk som del av den norske nasjonsbygginga og draumen om sjølvstende. Aasen formulerte i same tiåret ein visjon for korleis eit nytt norsk skriftspråk burde byggjast på overleverte heimlege dialektar.

I 1840-åra reiste Aasen rundt i Noreg og samla inn dialektar. Dei ulike dialektane systematiserte og samla han i bøker som Det norske Folkesprogs Grammatik frå 1848 og Ordbog over det norske Folkesprog frå 1850. Da som no var det stor skilnad mellom dialektane, og for å lage eit felles skriftspråk måtte han velje mellom ulike ord og former. Eit slikt arbeid blir kalla språknormering eller språkstandardisering. I normeringsarbeidet støtta han seg òg på det gamle norrøne skriftspråket. I 1853 la Aasen fram forslaget sitt til norm gjennom den vesle boka Prøver af Landsmaalet i Norge. I denne boka ligg det første tekstgrunnlaget for det nynorske skriftspråket.

Aasen var oppteken av at det nye skriftspråket skulle leve. Han tok landsmålet i bruk som skjønnlitterær forfattar, først og fremst som lyrikar. Diktet Nordmannen (Millom bakkar og berg), er framleis eit av dei mest kjente dikta i Noregs litteraturhistorie. Dei gamle fjell i syningom er eit anna høgdepunkt i diktinga hans.

Arbeidet Aasen gjorde, kan ein sjå som del av ein internasjonal trend der språkforskarar støtta nasjonsbygginga i ulike nasjonar. I andre europeiske land nedteikna, systematiserte og normerte forskarar på same vis språk som færøysk, kroatisk og så vidare. Det særskilte med Aasen var at han tok ein vitskapleg metode som var brukt til å skrive ned språk på grunnlag av jamføring mellom dei, den såkalla samanliknande språkvitskapen, og gjorde det same med dialektar. På den måten kom han til å skape eit nytt offisielt norsk språk som vi i dag kallar nynorsk.

Bakgrunn

Aasen voks opp på garden Åsen i ØrstaSunnmøre, nokså isolert og langt frå grannar, så han kom til å vere mykje åleine. Han mista mor si då han var tre år, og far sin alt som 13-åring. Skolegang var det smått med, om lag ti dagar i året i nokre få år. Det var likevel nok til at han kom til å drive med boklege syslar livet igjennom. Heime på Åsen fanst det ein bibel og nokre gamle andaktsbøker; det var det heile. Men det sunnmørske bygdesamfunnet Aasen voks opp i, var på ingen måte nokon kulturell eller intellektuell avkrok.

Folkeopplysningsarven etter Hans Strøm (1726–1797) og miljøet kring Aarflot-familien på garden Ekset i Volda gav Aasen eit grunnlag for intellektuell og kulturpolitisk vekst som han utnytta svært godt. Det var ikkje langt frå Aasen til Ekset, og på Ekset var det bøker. Der var jamvel eit prenteverk (trykkeri) som blei brukt til mellom anna å trykke ei avis og småskifter av ymse slag for allmugen. Dette var det første prenteverket på landsbygda her til lands.

Denne kulturbakgrunnen kombinert med Aasens boklege interesser kvalifiserte han for å vere skolehaldar. Det tok han til med som 18-åring. Mellom 1833 og 1835 heldt han til hos prost Thoresen i Stokksund i Herøy for å utdanne seg vidare. Der lærte han latin, historie, geografi, retorikk og jamvel diktekunst. I 1835 kom han som huslærar til garden Solnør i Skodje. Der blei han i sju år.

Språkideologi og språkarbeid

Det var mens han var på Solnør at Aasen la grunnlaget for det store språkarbeidet han seinare skulle komme til å utføre. 1830-åra i Noreg var prega av språkpolitisk debatt. I denne debatten let Aasen ikkje røysta si høyre, men han skreiv Om vort Skriftsprog alt i 1836. Her legg han fram det språkpolitiske programmet sitt og dei nasjonale språkpolitiske ambisjonane sine. Det stod klart for han at det trongst eit eige norsk skriftspråk til avløysing av dansk. Både av sosiale og nasjonale grunnar var det viktig for ein sjølvstendig nasjon å ha eit eige skriftspråk som bygde på overleverte heimlege dialektar. Alt på dette tidspunktet argumenterer han for at grunnlaget for eit norsk skriftspråk burde vere «en Sammenligning af, et Grundlag for» alle dialektane. Og det er her Ivar Aasen, da ein 23 år gammal mann, formulerer seg på denne måten: «Det har altid smertet mig bittert, naar jeg hørte vort Almuesprog krænkes og belees, enten af velklædt Uvidenhed, eller af rigtignok velmeent Renselses-Iver.» Teksten viser at Aasen alt da var godt inne i den språkpolitiske debatten i samtida, og at han truleg hadde lese debattinnlegga til Peter Andreas Munch (Norsk Sprogreformation frå 1832) og Henrik Wergeland (Om Norsk Sprogreformation frå 1835) svært nøye. Sjølv om Om vort Skriftsprog blei skriven i 1836, blei teksten ikkje trykt før etter Aasens død, i Syn og Segn i 1909.

Dei første åra på Solnør las Aasen lærebøker og grammatikkar for tysk, fransk og engelsk. Han blei òg kjend med Rasmus Rasks arbeid med islandsk. I samband med dette seier han:

«Paa denne Tid opkom hos mig den Tanke, at jeg til et Forsøg vilde selvstændigen og paa egen Haand undersøge og behandle et Sprog. Dette Sprog var nemlig det, som jeg egentlig kunde kalde mit Modersmaal og som jeg ikke fandt behandlet i nogen Grammatik. Jeg erindrede at have engang seet Hallagers norske Ordsamling, samt nogle mindre norske Ordsamlingar; men – 'hvorfor, tænkte jeg, blive ikke de norske Dialekter behandlede ligesom andre Sprog?' … 'Et saadant Arbeide', tænkte jeg, 'kan kun udføres af En, der er født og opdragen i en Bondes Hytte. Jeg vil forsøge et saadant Arbeide.'» (Ivar Aasen: Brev og dagbøker, band I:45, utgave av Reidar Djupedal, 1957-1960.)

Så var det da også Sunnmørs-grammatikken som blei Aasens første vitskaplege verk.

Jamvel om Aasen har gjort seg fortent til å kallast grunnleggjaren av norsk dialektologi som vitskap, og jamvel om han lærte seg gammalnorsk og hadde skaffa seg solide kunnskapar i eldre norsk språkhistorie, var det ikkje arbeidet med dialektar eller språkhistorie som var det eigentlege føremålet hans. Dialektologi og språkhistorie var middel, ikkje mål.

Det Aasen sikta mot, var å etablere eit vitskapleg grunnlag for eit eige norsk skriftspråk, bygd på norske dialektar i samtida. Derfor måtte han først kartleggje dei aktuelle dialektane. Sidan han valde ikkje å byggje standardskriftmålet på éin einskild dialekt, men på norske dialektar generelt, rett nok med større tilfang frå visse dialektar enn frå andre, måtte han i neste omgang, frå den store variasjonsmengda som dialektane representerte, velje ut former som skulle tene som standardskriftformer. Han måtte dermed også velje bort ei rad former. Dialektane representerte ei stor variasjonsmengd i former og bøyingsmønster.

Desse vala kunne ikkje vere tilfeldige; dei måtte ha eit systematisk og nokolunde eintydig grunnlag. Aasen måtte med andre ord ha noko utanfor og eksternt i høve til den store og varierte mengda med dialektformer til å måle dei ulike formene ut frå og opp mot, altså ein slags appellinstans. Til det brukte han mellom anna gammalnorsken. Når det høvde, tok han også omsyn til andre nordiske språk.

Det kanskje viktigaste målet var å kunne vise den indre samanhengen mellom det gammalnorske språket og dei samtidige dialektane. Slik ville Aasen dokumentere at det nye, sjølvstendige Noreg hadde røter attende til det sjølvstendige Noreg i mellomalderen. Språket var beviset på det, og i samsvar med nasjonal ideologi synleggjorde denne språklege samanhengen at Noreg gjennom det norske språket i essensiell forstand var ein eigen nasjon med ein eigen kultur. På den måten var Aasens arbeid, også den historiske delen av det, ideologisk fundert og framtidsretta.

Aasen var – og ville vere – nasjonsbyggjar. Alt i Om vort skriftsprog argumenterte han sterkt for ein tett samanheng mellom språk og nasjon. Dette er tidleg i norsk samanheng; det var elles først i 1840-åra at slike nasjonalromantiske straumdrag slo rot i norsk borgar- og embetsstand.

Feltarbeid og vitskapleg produksjon

Ivar Aasens reiser
Reisene til Ivar Aasen. 1842–1847 i blått. 1851–1858 i raudt. 1860–1868 i grønt. 1883 i lilla.
Ivar Aasens reiser
Av /Kjelder: Skrifter frå Ivar Aasen-selskapet og Ivar Aasen-tunet.
Lisens: CC BY SA 3.0
Ivar Aasen
Blyantteikning, truleg teikna etter eit fotografi
Ivar Aasen
Av .

Det var ikkje berre språk og språkvitskap som opptok Aasen i unge år. Han var også ein svært habil botanikar. Sommaren 1841 drog han til Bergen med ei plantesamling i fire store pakkar, ei samling av ord og ordformer og ein grammatikk over heimemålet sitt, kalla Den søndmørske Dialekt.

Føremålet med ferda var openbert å freiste å finne eit springbrett til eit meir «bokleg» liv enn livet som lærar. I Bergen trefte Aasen biskop Neumann, som mellom anna sette han i kontakt med Frederik Moltke Bugge, preses i Det Kongelige norske Videnskabers Selskab i Trondheim. Bugge fekk Vitskapsselskapet til å gje Aasen stipend for å granske norske bygdemål.

Mellom 1842 og 1846 var Aasen kontinuerleg på granskingsferd rundt om i landet, først og fremst på Vestlandet og i fjellbygdene austpå, men også nordafjells. Hans Reise-Erindringer og Reise-Indberetninger 1842-47 er utgjevne av Halvdan Koht i 1917. Gjennom dei kan vi følgje han frå bygd til bygd. Dei haldningane han gjev til kjenne til lokal variasjon i sed og skikk, og ikkje minst i språk, gjev interessante kulturhistoriske opplysningar frå samtida.

Dialektundersøkingane skulle altså tene som basis for etablering av «et almindeligt og ægte norsk Skriftsprog». Dette skriftspråket er det han legg det første grunnlaget for i Det norske Folkesprogs Grammatikk frå 1848 og Ordbog over det norske Folkesprog frå 1850. Begge desse verka er deskriptive. Ulike former frå ulike dialektar står her oppførte side om side. I 1853 legg så Aasen fram forslaget sitt til skriftnorm, gjennom den vesle boka Prøver af Landsmaalet i Norge. Her presenterer han dialektprøver frå fleire ulike stader og også nokre småstykke på eit standarskriftmål bygd på desse dialektane. Tidlegare, alt i 1849, hadde han publisert Samtale imellem to Bønder i Morgenbladet. Her bruker han ei norm som er meir ortofon (tettare samanheng mellom skrivemåte og uttale) og mindre etymologiserande enn den vi finn i Prøver af Landsmaalet i Norge.

Aasens arbeid var vitskapleg, mens målet og programmet hans var nasjonalt og politisk. Programmet var såleis fastsett før han kom i gang med forskingsarbeidet. I Grundtanker til en Afhandling for en norsk Sprogform, som han tok til å arbeide med i 1850, seier han at heller enn å prøve å oppnorske det danske skriftspråket ville ein «tryggere Udvei [...] være at opstille en særegen norsk Sprogform efter de bedste dialekter».

Han seier vidare: «Man siger at Forslaget grunder sig paa en socialistisk Tendents. Ja, hvorfor ikke? Kommer ingen værre socialisme, saa har det ingen Nød. Det ægte sprogvæsen er altid socialistisk.» I 1852 lanserte han offentleg tanken om eit eige norsk skriftspråk. Det var i ei melding av Folkevennen i Langes tidsskrift: «Forholdet imellem de to Sprog [norsk og dansk] er forøvrigt af en saa uheldig Beskaffenhed, at den eneste sikkre Udvei for os vilde være at anlægge en aldeles norsk Sprogform». Denne nye språkforma skulle vere «--saaledes at Formbygningen dannedes efter en eller flere af de bedste Dialekter, og Sprogstoffet dannedes ved det almindelige norske Ordforraad, med stadig Hensyn til det gamle Sprog. Kun ved en saadan radikal Reform vilde Sprogets Nationalitet atter kunne sættes paafode; idetmindste er jeg ikke i stand til at see nogen tilstrækkelig Hjælp i noget andet».

Normideal

Det norske Folkesprogs Grammatik
Av /Nasjonalbiblioteket.
Ivar Aasen

Radering

Ivar Aasen
Av .
Lisens: Udefinert

Aasen hadde ikkje motførestillingar mot å bruke uttrykk som «de bedste Dialekter», «fuldkomne Former» og liknande. Det er i samsvar med tida han levde i. Han skilde heller strengt mellom det dialekttilfanget han meinte høvde, og det som ikkje høvde, for den norma han skapte. Han såg bort frå bymåla; dei var for mykje oppblanda med dansk, meinte han. Austnorske dialektar hadde han heller ikkje stor sans for. Han forstod til dømes ikkje bakgrunnen for kløyvd infinitiv. Det prinsippet som styrer den kløyvde infinitiven (vera versus kaste), og som vi kallar jamvektsprinsippet, var det Carl Richard Unger (1817–1897), professor i germansk og romansk filologi, som var den første som forstod og formulerte. Aasen bygde såleis norma si først og fremst (men ikkje berre) på vestnorske dialektar og midlandsmål.

At Aasens normideal måtte føre til strid, er ikkje overraskande. Og frå da av – og heilt til no – har Aasen-norma, landsmålet og nynorsken vore det heitaste språkpolitiske diskusjonstemaet her til lands. Aasen sjølv tok lite del i denne striden. Han var helst oppteken med sitt eige faglege og diktariske arbeid. Det låg i saka at det var eit mål å ta landsmålet i bruk innanfor alle skriftspråkssjangrar. Også her gjorde Aasen eit storarbeid.

For Aasen sjølv låg norma for landsmålet i hovudsak fast frå 1853 av; det er berre i mindre ting han endrar oppfatning seinare. I 1864 gjev han så ut ein normativ grammatikk, Norsk Grammatik, og tilsvarande ei normativ ordbok i 1873, Norsk Ordbog. I 1876 fullførte han ei systematisk oppstilling av norsk ordtilfang (Norsk Maalbunad, utgave frå 1925).

Aasen kalla målet sitt «landsmaal». For han var det eit synonym til «riksmål», og det tydde altså ikkje «målet på landsbygda», men «målet i og for heile landet».

Heilt frå Aasens eiga tid var det usemje om norma. Somme meinte ho var for konservativ, for påverka av norrønt, mens andre meinte at ho ikkje var konservativ nok. Aasen sjølv var oppteken av å få norma etablert og utbreidd på fleire og nye skriftspråksområde. Også for utbreiinga av norma sette han opp eit program der han mellom anna meinte at kyrkja og religionen representerte domene som det ville gå lang tid før landsmålet ville erobre. Der tok han faktisk feil, og salmane av Elias Blix blei relativt tidleg autoriserte til kyrkjebruk.

Som språkvitskapsmann var Aasen grannsam, nøyaktig og systematisk. Hans sterke sans for orden, system og samanheng er karakteristisk for alt hans vitskaplege arbeid.

Folkeminnegranskar og diktar

Nordmannen
Ivar Aasen skreiv diktet Nordmannen, òg kjend som «Millom bakkar og berg». Diktet kom første gong ut i diktsamlinga Symra i 1863. Her er den endelege versjonen Aasen skreiv i 1875.
Nordmannen
Av .
Ein av Ivar Aasens handskrivne originalar av «Nordmannen»
Ein av dei handskrivne originalane til Nordmannen. På det same arket har Aasen òg skrive eit anna dikt og nokre smånotat.

Aasen var som alt nemnt ikkje berre språkvitskapsmann og språkpolitikar. Under reisene sine samla han også folkeminne (Norske Minnestykke frå 1921–1923). Han gav ut eventyr og segner og ei stor samling Norske Ordsprog i 1856. Også namn og namneskikkar var han oppteken av. Norsk Navnebog frå 1878 gav han ut for å påverke til fornorsking av personnamna. På same måten som han meinte at landsmålet skapte eit språkleg band som knytte notid til fortid over 400 års ufridom og mangel på nasjonalt sjølvstende, såg han i folkediktinga og folketradisjonane ein samanheng mellom det gamle, sjølvstendige Mellomalder-Noreg og den nye nasjonen. Noko av det folkeminnestoffet som han samla, kom med i Prøver af Landsmaalet i Norge.

Attåt alt Aasen oppnådde som språk- og folkeminnegranskar, har han òg sett spor etter seg som diktar. Dessutan omsette han ikkje så reint lite frå ymse andre språk til landsmål. Han tok tidleg til med å skrive lyrikk og andre tekstar i bunden form. Han fekk mellom anna prenta Fem Viser i søndre Søndmørs Almuesprog i 1843. Den skjønnlitterære forfattarskapen hans er likevel ikkje særleg stor. I 1855 kom syngjespelet Ervingen og i 1863 diktsamlinga Symra, med kjende og songbare dikt som Nordmannen (Millom bakkar og berg), Gamle Norig, Gamle Grendi og Dei gamle Fjell.

Dikta hans har drag frå folkediktinga. Dei klare, knappe og fyndige uttrykksmåtane som på det beste karakteriserer Aasens lyrikk, er openbert inspirert av folkelege talemåtar og av folkediktinga. Tonen er dempa, innhaldet er gjerne allmennmenneskeleg, og forma kan vere direkte didaktisk. Aasen var ingen romantikar. Også som diktar høyrde han heime i tradisjonen frå folkeopplysningstida.

Aasen i internasjonalt perspektiv

Språkpolitisk var Aasen radikal. Sjølv meinte han at han gjenreiste det norske skriftspråket. Grunnlaget var dialektane i samtida, mens gammalnorsken tente som appellinstans.

Skriftspråket i samtida var dansk. Dei norske dialektane som var i bruk rundt om i landet, blei talte av allmugen, ikkje av dei «kondisjonerte». Dei talte eit slags dansk med grunnlag i norsk. Såleis er normeringsgrunnlaget for nynorsk skriftspråk eit heilt anna enn for dei fleste andre skriftspråk, som gjerne blir normerte og standardiserte i samsvar med talemålet til ein sosial og økonomisk elite.

I eit europeisk og internasjonalt perspektiv har Aasen og hans arbeid likevel mykje felles med målreisarar og målreising i andre land. Om lag samstundes som landsmålet blei nedskrive og forma, var det enkeltpersonar som gjennom vitskapleg arbeid la grunnlaget for til dømes standardnormene i serbokroatisk, tsjekkisk, slovakisk, slovensk og ukrainsk. Nemnast kan òg færøyingen Venceslaus Ulricus Hammershaimb (1819–1909), som la grunnlaget for det færøyske skriftspråket om lag på same tid.

Såleis høyrer Aasen til ein generasjon av europeiske språkvitskapsmenn som brukte den faglege og vitskaplege innsikta si i nasjonsbyggingsteneste, og nynorsken (og for den del også bokmålet) høyrer saman med ei rekkje andre europeiske språk som blei normerte som skriftspråk utover på 1800-talet.

Ivar Aasen døydde 23. september 1896. Han blei gravlagd 29. september på Vår Frelsers Gravlund i Kristiania (Oslo).

På Aasens heimstad i Ørsta er det reist eit senter for nynorsk skriftkultur og eit museum over livet og verket hans, Ivar Aasen-tunet.

Les meir i Store norske leksikon

Ivar Aasen på Karl Johans gate

Carl Størmer var matematikar og nordlysforskar. Som student fekk han i 1893 tak i eit detektivkamera som kunne skjulast under vesten med objektivet ut gjennom eit knappehôl og med snor ned i bukselomma. Slik fotograferte han folk han møtte på Karl Johan i 1890-åras Christiania, mellom anna Ivar Aasen.

Av /Norsk Folkemuseum.

Eksterne lenker

Litteratur

  • Askedal, John Ole & Ann-Berit Aarnes Breder, red.: Ivar Aasen : vandreren og veiviseren, 2002, isbn 82-7419-075-0,
  • Eskeland, Ivar, red.: Halvtanna hundreår med Ivar Aasen, 1964,
  • Grepstad, Ottar: Historia om Ivar Aasen, 2014, isbn 978-82-521-8665-9,
  • Krokvik, Jostein: Ivar Aasen : diktar og granskar, sosial frigjerar og nasjonal målreisar, 1996, isbn 82-7834-005-6,
  • Liestøl, Knut: Ivar Aasen, 1963
  • Myhren, Magne, red.: Ei bok om Ivar Aasen : språkgranskaren og målreisaren, 1975, isbn 82-521-0425-8,
  • Venås, Kjell: Då tida var fullkomen : Ivar Aasen, 1996, isbn 82-7099-251-8,
  • Walton, Stephen J.: Ivar Aasens kropp, 1996, isbn 82-521-4531-0

Faktaboks

Ivar Aasen
Historisk befolkingsregister-ID
pf01053257026056

Kommentarar (6)

skreiv Chinh Tran

Har ikke dere sånn "lydlytter" orker ikke å lese men vil bare høre !!

svarte Kjell-Olav Hovde

Hei 3am. Vi har ikke en lydlytter, men takk for forslag. Vi skal se på mulighetene for det.

skreiv Reidar Astås

Jeg har satt inn forslag til endring på tre steder der jeg ikke kom helt til rette med teksten.Reidar Astås

svarte Kjell-Olav Hovde

Hei, har akseptert to av endringsforslagene. Angående det tredje. "Han arbeidet isteden iherdig for å grunnfeste den nye formen ved direkte å vise hva landsmålet kunne makte på forskjellige områder." Du foreslår å rette makte til bety i denne setningen, men da tror jeg vi forandrer du meningen. Kan vi komme opp med en bedre setning som betyr det samme? Det som et poenget her er vel at han i stedet for å delta i debatten brukte tiden på å utgi leseboka. Gjennom leseboka demonstrerte han at landsmålet dugde samtidig som han lærte det bort. Hva synes du?

skreiv Svein Askheim

Aasen-tunet har skiftet nettadresse, som nå er oppdatert.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg