Hopp til innhold
X
Innhald

Jenny Arnesen

Jenny Magdalene Arnesen, forfattar og journalist. Ho var ein av dei første kvinnelege journalistane som skreiv på nynorsk.

Arnesen var fødd i Os 8. august 1862 og døydde 17. juli 1929. Ho var den første som skreiv seg inn som elev ved den nye folkehøgskulen på Voss i 1895. Langt på veg livnærte ho seg som dokkemakar.

Det første stykket ho fekk publisert, stod i tidsskriftet Nora i 1889, og i 1896 prenta Unge Skud Stølsgaman. Seinare skreiv ho mykje i blada Unglyden og Hordaland, som begge kom ut på Voss. I tillegg til vanleg referatjournalistikk skreiv ho særleg mykje om skule, kyrkjeliv og oppseding, og som oftast signerte ho med Strilagjenta eller J.A.

I bokform debuterte ho først i 1914 med skodespelet Gunnstein Kvaale. På to år gav ho ut tre skodespel til. Arnesen skreiv også eit par oppbyggingsskrifter.

Kjelder

Inger-Lise Breivik m.fl. (red.): Kvinner i nynorsk prosa. Oslo 1980

Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 01.12.2015
Sist oppdatert: 28.01.2016