
Johannes Arneson
Johannes Arneson, lærar, skulestyrar, folkeminnesamlar og forfattar som ivra for norskdomsarbeid gjennom eit langt liv.
Johannes Arneson var fødd 24. mars 1865 i Hjelmeland i Rogaland og døydde i Oslo 1. mai 1967. Han er gravlagd på Vestre gravlund i Oslo. Arneson studerte ei tid teologi, men tok så lærarutdanning på Elverum, der han vart uteksaminert i 1894. Han var lærar i mellomskulen same staden frå 1894 til 1900 og seinare på Åsnes i Solør fram til 1905. Deretter arbeidde han som skulestyrar, mellom anna ved Rollag folkehøgskule i Numedal, og sist, frå 1923 til 1930, ved fylkesskulen i Åsnes i Solør.
I 1906 skipa han bladet Breidablikk på Røros. Først og sist var Arneson skulemann, men han tok seg likevel stadig tid til å skrive artiklar i Norsk Tidend, Den 17de Mai og Stavanger Aftenblad. Under psevdonymet Ola Ryfylking debuterte han med den vesle boka Frå ei fjordbygd. Segner og småstubbar (1898). Ei ny utgåve kom i 1944 med tittelen Signe Ulladalen, ho er mi, og andre soger. Seint i livet skreiv han År eg minnest, menn eg møtte (1961), der han presenterer stoff om mellom andre Ivar Aasen og Sigbjørn Obstfelder. 100 år og minnest mangt (1964) har òg kulturhistorisk interesse.
Arneson var med og skipa Hjelmeland ungdomslag i 1887, og han var med på skipinga av mållag i Elverum i 1894 og seinare i Tønsberg. Elles var han aktiv i Austmannalaget. Arneson interesserte seg for filologi og språkspørsmål og samla ordtilfang frå Hjelmeland for Hans Ross. Han var òg ein omtykt foredragshaldar og dessutan ein habil felespelar og folkedansar.
Posthumt kom verket Fjordbuar (1985). Denne boka, med stort innslag av folkeminne frå Ryfylke, arbeidde Arneson med til det siste. To år før han døydde, vart han invitert til medlemskap i Den norske Forfatterforening.
Kjelder
Anders M. Andersen: Rogalandsbibliografi. Del 1, s. 40. Rogalandsforskning 1980
Johannes Arneson: År eg minnest, menn eg møtte. Oslo 1961
Johannes Arneson: 100 år og minnest mangt. Oslo 1964
Johannes Arneson: Fjordbuar. Med innleiing og etterord av Martin Nag. Oslo 1985
Per Barkved: «Profilen Johs. Arneson», Stavanger Aftenblad 1.12.1956
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006
Usignert jubileumsartikkel i Stavanger Aftenblad 23.3.1960
Peikarar
Digitaliserte bøker av Johannes Arneson på Nasjonalbiblioteket, nb.no
Sist oppdatert: 16.05.2018