Hopp til innhold

John-Ragnar Aarset

John-Ragnar Aarset, politikar, tidlegare statssekretær i Samferdselsdepartementet og generalsekretær i Høgre sidan 2015. I 2018 blei han kåra til Årets nynorskbrukar.

John-Ragnar Aarset er fødd 18. desember 1973 på Geilo i Buskerud. Han tok vidaregåande skule ved Hallingdal gymnas på Gol i 1989–92 og mellomfag i statsvitskap og grunnfag i historie ved Universitetet i Oslo i 1992–98.

Han er odelsgut, har arbeidd som lærarvikar i heimekommunen Hol i 1992–93, var leiar i Unge Høgre i 1998–2000 og kommunikasjonsrådgivar i PR-byrået Konsensus AS i 2000–01. Frå 2001 til 2008 arbeidde han som presseansvarleg for stortingsgruppa til Høgre, var politisk rådgivar for Erna Solberg og kommunikasjonsrådgivar for stortingsgruppa til Høgre. I åra 2008–12 var han spesialrådgivar i PR-byrået Gambit Hill+Knowlton og dagleg leiar i Forum Nye Bergensbanen. Deretter gjekk han tilbake til politikken som statssekretær i Samferdselsdepartementet i 2013–15, før han tok over som generalsekretær i Høgre i 2015.

Aarset var leiar av Buskerud Unge Høgre i 1992–94, sentralstyremedlem i Unge Høgre i 1996–98 og leiar i 1998–2000. Han blei vald til kommunestyrerepresentant for Høgre i Hol i 1991–95, fylkestingsrepresentant for Buskerud i 1995–2002, medlem av sentralstyret til Høgre i 1998–2000 og vararepresentant til Stortinget frå Buskerud i 2005–09.

Som generalsekretær i Høgre er Aarset partiet sin administrative leiar. Han er ikkje så synleg i media, men er likevel ein av Erna Solberg sine viktigaste medspelarar.

Aarset var landsstyremedlem i Norsk Målungdom i 1992–97, styremedlem i Studentmållaget i Oslo i 1995–96, pressesjef for Skarverennet i 2002–13, varamedlem til styret i Litteraturselskapet Det norske Samlaget 2004–2006, styremedlem same staden 2007–2012 og styreleiar 2012–2013, og han var medgründer av leikebutikken Vrimmel leker AS i 2011.

I 2018 blei han kåra til Årets nynorskbrukar av Nynorsk kultursentrum for konsekvent bruk av nynorsk i politiske miljø. 

Kjelder

Om John-Ragnar Aarset på regjeringa.no: https://www.regjeringen.no/no/dokumentarkiv/regjeringen-solberg/andre-dokumenter/sd/2013/statssekretar-john-ragnar-aarset/id743023/ [lesedato 26.8.2017]

Kristian Skard: «Her er Høyres nye generalsekretær», dn.no, sist oppdatert 11.12.2015: http://www.dn.no/nyheter/politikkSamfunn/2015/12/11/1911/Hyre/her-er-hyres-nye-generalsekretr [lesedato 26.8.2017]

John-Ragnar Aarset sin profil på linkedin.no: https://www.linkedin.com/in/john-ragnar-aarset-5015431/?ppe=1 [lesedato 26.8.2017]

 

Peikarar

Høgres generalsekretær er Årets nynorskbrukar, aasentunet.no

Lars Berge: «John-Ragnar Aarset ny generalsekretær i Høyre», hoyre.no 

Sofie Prestegård: «Ernas viktigste bakmann», dagsavisen.no 

«Politikarar får velje leksikonfavorittar», regionavisa.no 

Først publisert: 07.12.2017
Sist oppdatert: 13.04.2018