Hopp til innhold
X
Innhald

Johs. A. Aanderaa

Johs. A. Aanderaa, forleggjar og ekspedisjonssjef. Han var den første moderne forleggjaren i Noreg og la grunnlaget for ein ny kulturpolitikk.

Aanderaa var fødd i Narvik 6. november 1927 og døydde 2. juni 1991. Etter å ha teke examen artium ved Steinkjer off. landsgymnas var Aanderaa aspirant på Universitetsbiblioteket i Oslo 1946–54 og programsekretær i NRK 1954–58.
 
I 1958 blei han forlagssjef i Det Norske Samlaget. Dei neste fjorten åra moderniserte han forlaget og dreiv det fram til eit skjønnlitterært tungt forlag med solid skulebokportefølje, men også med aukande økonomiske vanskar etter den eksplosive veksten.
 
Frå 1972 var han ein skarpt profilert ekspedisjonssjef i kulturavdelinga i Kyrkje- og undervisningsdepartementet, og han sette tidleg standarden gjennom arbeidet med den første kulturmeldinga i 1972.
 
Aanderaa hadde mange verv og posisjonar, mellom anna som medlem i Vogt-komiteen 1964–66 og som formann i Norsk språkråd 1972. Han var æresmedlem i Det Norske Samlaget frå 1974.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: «Den første moderne forleggjaren», Det nynorske blikket. Oslo 2002
Ottar Grepstad: Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie. Oslo 2006

Først publisert: 24.07.2009
Sist oppdatert: 30.04.2013