Hopp til innhold

Jon Auklend

Jon Auklend var lyrikar, lærar og lærebokforfattar. Han debuterte som forfattar med sogediktet Erling Skjalgsson i 1930.

Jon Auklend var fødd i Hetland ved Stavanger 5. juli 1889 og døydde i Stavanger 8. april 1978. Han tok examen artium i 1912 og hovudfagseksamen i norsk i 1917. Seinare studerte han òg historie og pedagogikk.

I åra 1916–18 var han lærar ved den toårige lærarskulen i Oslo. I 1918–22 var han overlærar ved Kristiansand katedralskule, og frå 1922 til 1946 var han tilsett som lektor i norsk og historie ved lærarutdanninga på Stord, der han heldt fram som rektor mellom 1950 og 1959, då han gjekk av med pensjon. Han var rektor ved Nesna lærarskole mellom 1947 og 1950. Under krigen protesterte Auklend mot etableringa av Norges lærersamband, landsorganisasjonen for lærarar som NS oppretta i 1942. Auklend vart arrestert våren 1942 og send til Kirkenes på tvangsarbeid saman med om lag 500 andre lærarar. I Kirkenes fekk Auklend dysenteri og vart derfor med i den første tilbakesendinga av fangar i august 1942.

Auklend skreiv fagartiklar om litterære og pedagogiske emne, mellom anna i tidsskriftet Syn og Segn, der han skreiv om Rasmus Løland, Tore Ørjasæter og fleire. I 1940 gav han ut ei lærebok i historie til bruk i lærarskulen.

Auklends seks diktsamlingar kom ut mellom 1930 og 1970. Samlingane er prega av lange naturdikt og hyllingsdikt i høgstil, med mange kunnskapsrike allusjonar til norrøn litteratur og kristne motiv. Debutsamlinga frå 1930 var nettopp eit sogedikt på hundre strofer om hersen Erling Skjalgsson.

I samlinga Norrøna er ein seksjon med dikt kalla «Nygards-dråpa». Desse dikta kan stå som døme på korleis Auklend konkret knyter an til forgjengarar som Olav Nygard, men særleg korleis han tek i bruk norrøne diktformer som dråpa. Som Nygard bruker Auklend mange gamalmodige og uvande ord, og han prøver ut ulike klassiske strofeformer. Den gjennomgåande høgstilen, mange arkaiske ord og dei mange historiske og litterære referansane kan gjere Auklends lyrikk noko tungt tilgjengeleg for lesarar i dag.

Auklend var aktiv i Norsk lærerskolelag i 1930-åra og vart vald til formann i Stord Mållag i 1933.

 

Kjelder

Jon Auklend: «Tre etterkrigsår», Nesna lærarskule femti år 1968. Nesna 1968

Olav Bjørnøy, Vivian Hernar Bjørnøy og Anstein Lohndal (red.): et al.: Lærarutdanning på Stord i 150 år. Stord 1989

Helge Dahl: «Norsk lærerskolelag gjennom 75 år», i Einar Ness (red.): Fra seminar til pedagogisk høgskole. Norsk lærerskolelag 75 år. Oslo 1975

Svein Erik Forfang: «Høgskolen i Nesna 85 år», Årbok for Helgeland 2003. Mosjøen 2003

Ola Høyland: Stord bygdebok, bd. 3: Stord i gamal og ny tid. Stord 1973

Bjarne Kvam: «Fra 1930 til i dag», Nesna lærarskole femti år 1968. Nesna 1968

Hallvard Lie: Norsk verslære. Oslo 1967

Halvdan Skånland: «Rektor ritar runar», Nordlands avis 12.11.1965

 

Peikarar

Jon Auklend: Erling Skjalgsson. Eit sogedikt, nb.no

Jon Auklend: Norrøna (diktsamling), nb.no

Først publisert: 18.12.2019
Sist oppdatert: 18.12.2019