Hopp til innhold
X
Innhald

Josef Albers

Josef Albers, 1888–1976, var tysk-amerikansk målar, designar og kunstteoretikar.

Albers underviste ved Bauhaus. Etter 1933 budde han i USA, der han fekk stor innverknad på amerikansk samtidskunst. Albers er kjend for serien Hyllest til kvadratet og utvikla ein teori om fargeinteraksjon (Interaction of Colour, 1963).

Først publisert: 11.11.2016
Sist oppdatert: 11.11.2016