Hopp til innhold
X
Innhald

Karl Akre

Karl Edvard Pedersen Akre var lærar. Saman med Ananias Brune stod han i 1875 for det nordlegaste bladforsøket på landsmål.

Karl Akre var fødd i Alta 26. mars 1840 og døydde i Vadsø 14. mars 1912. Før han tok lærareksamen ved Tromsø seminar i 1862, hadde han i 1859 vore lærar i kvensk-norsk ved småskulen i Alta. I 1862 var han lærar og kyrkjesongar i Kjelvik. Frå 1865 var han tilsett som andrelærar ved folkeskulen i Vadsø. Han vart førstelærar i 1884 og skulestyrar i 1911.
 
I ei rekkje år var Akre oppsynsmann i Hamningberg i Båtsfjord under vårfisket, og han fungerte òg som tingtolk i samisk og kvensk. Frå 1869 til 1910 var han, med eit par korte avbrot, medlem av bystyret. Han var formann i skulestyret, forlikskommissær og medlem av fiskerikommisjonen i 1891. I 1886–1888 var han stortingsrepresentant for Venstre. Då Den Norske Godtemplarorden vart skipa 24. juni 1888, var stortingsrepresentant Akre møteleiar.
 
Akre var med og skipa Finmarkens Amtstidende i 1871. Han var oppteken av Finnmarks-historie og skreiv fleire artiklar om det gamle Vadsø. På dansk-norsk praktiserte han ei rettskriving som låg føre si tid. Rettskrivinga låg nær 1907-normalen.
 
I juli 1875 gav han saman med Ananias J. Brune ut landsmålsbladet Finnmarkingen, men bladet kom berre med to nummer. Det var det nordlegaste bladtiltaket på landsmål.
 
Kjelder
Anton Aure: «Dei nynorske bladi. Ei stutt soge-yversyn», Norskt Bladmannalag gjenom 10 aar – 1913–1923. Bjørgvin 1923
Johan Beronka: Vadsø bys historie. Med spredte bidrag til Varangers historie. Vadsø 1933
Per Håland: «Den nynorske pressa», Målreising i 75 år. Noregs Mållag 1906–1981. Oslo 1981
Christian Wiik: Tromsø-seminarister. 1829–1879. Oslo 1948
 
Peikarar
Språkrådet, faksimilebiblioteket, elektronisk utgåve av Finnmarkingen

Først publisert: 31.01.2011
Sist oppdatert: 25.01.2012