Hopp til innhold
X
Innhald

Karsten Anker Andersen

Karsten Anker Andersen, 1920–97, var fiolinist og dirigent. Han var kapellmester for Stavanger radioensemble frå 1945 til 1964. I åra 1964–85 var han kunstnarisk leiar og førstedirigent for Bergen filharmoniske orkester. Andersen har også gjestedirigert ei rekkje utanlandske orkester, og han var med på å stifte Ungdomssymfonikerne. I 1985–88 verka Andersen som professor ved Noregs musikkhøgskule i Oslo.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 02.10.2013
Sist oppdatert: 17.10.2013