Hopp til innhold
X
Innhald

Kjell Åsen

Kjell Åsen (f. 1931 i Hagebostad) arbeidde først som journalist og seinare som lærar og skulesjef i Nissedal. I 1964 debuterte han med barneboka Den rare sommaren. Han har kombinert lærargjerninga med ein omfattande forfattarskap med ungdomsbøker, høyrespel og store bygdehistoriske arbeid. Han har skrive ein stor biografi om kunstnaren Anne Grimdalen og ei bok om ekteparet Magnus og Mia Landstad. 

Songane hans har fått melodi av mellom andre Sigvald Tveit og Gunstein Draugedalen. Åsen har også fatt tid til å skriva bedriftshistorier og bøker om krigen i heimbygda Hagebostad.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 15.10.2018
Sist oppdatert: 15.10.2018