Hopp til innhold
X
Innhald

Kjetil Almenning

Kjetil Almenning, kordirigent og songar som har markert seg i arbeidet med ny kormusikk og gjennomarbeidde konsertprogram.

Kjetil Almenning er fødd 26. juni 1979 i Volda. Han er oppvaksen på Vereide i Gloppen og var elev ved Firda vidaregåande skule og Viken Folkehøgskule før han i 1999–2003 tok bachelorgraden i kyrkjemusikk ved Noregs musikkhøgskule. I 2007 fullførte han eit toårig diplomstudium i direksjon ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm.
Almenning arbeider breitt som kordirigent og har mellom anna leidd Vestoppland Kammerkor (2003–2005), Norges Ungdomskor (2004–2005) og på prosjektbasis Verdens Ungdomskor, Det Norske Solistkor og Sveriges Radiokör. Lengst tid (2001–2005) var han dirigent for vokalensemblet Ginnungagap, som profilerte seg med ny nordisk musikk. Denne profilen tok han vidare til Ensemble 96, som han dirigerte i perioden 2007–2010.
Hausten 2009 tok Almenning til i stillinga som domkantor ved Bergen domkirke og etablerte snart Bergen Domkor. Same hausten vann han den internasjonale dirigentkonkurransen Eric Ericson Award i Stockholm.
Almenning syng tenor og er ein mykje nytta korsongar. Gjennom ei årrekkje var han medlem av Det Norske Solistkor, og han har sunge med det svenske radiokoret, Eric Ericsons Kammarkör og Vokalharmonien i Stockholm.
Almenning har fått stipend frå Norges Korforbund, Kungliga Musikhögskolan og Musikaliska Akademien i Stockholm. Målforma hans er nynorsk.
Kjelder
Kjetil Almenning si heimeside: http://www.kjetilalmenning.com/ [lesedato 09.06.2010]
E-post frå Kjetil Almenning 09.05.2010
Peikarar

Først publisert: 31.07.2010
Sist oppdatert: 12.04.2012