Hopp til innhold
X
Innhald

Leif Ove Andsnes

Leif Ove Andsnes er pianist. Andsnes har gitt ut ei rekkje plater med musikk av mellom andre Grieg, Chopin, Liszt og Janáček og vert ofte omtala som ein av dei største musikarane i sin generasjon.
 

Leif Ove Andsnes, fødd 1970 på Karmøy, er pianist. Han er utdanna ved Bergen Musikkonservatorium og platedebuterte i 1987.
Andsnes har gitt ut ei rekkje plater med musikk av mellom andre Grieg, Chopin, Liszt og Janáček. Andsnes har halde konsertar i inn- og utland, mellom anna med Berlin filharmoniske orkester og dei populære «Proms»-konsertane i London.
 
Andsnes har spelt med spelt med ei rekkje av verdas leiiande orkester.
Han var kunstnarleg leiar for kammermusikkfestivalen Risør musikkfest i nærare tjue år.
Andsnes er professor ved Noregs Musikkhøgskule i Oslo og medlem av Kungl. Musikaliska Akademien i Sverige.
Leif Ove Andsnes vert ofte omtala som ein av dei største musikarane i sin generasjon. Han har fått ei rekkje prisar i inn- og utland.

Foto: andsnes.com
Sjå video der Leif Ove Andsnes spelar Grieg:
Peikarar:
www.andsnes.com

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 29.10.2013
Sist oppdatert: 29.10.2013