Hopp til innhold
X
Innhald

Magnar Åm

Magnar Åm er ein komponist som sameiner eit fritonalt tonespråk med melodiske kvalitetar, og som tek både tradisjonelle og folkemusikalske element opp i sitt personlege uttrykk. Dei fritonale elementa blir kombinerte med eit sterkt medvit om musikken sin plass i rommet, noko som gjer koreografi og plassering av instrumenta til ein integrert del av musikken.

Magnar Åm er fødd 9. april 1952 i Trondheim og er oppvaksen i Ørsta og i Leikanger. Han er utdanna kantor ved Bergen Musikkonservatorium i 1971 og har studert komposisjon under Ketil Hvoslef i Bergen og Ingvar Lidholm ved Kungliga Musikhögskolan i Stockholm. Han har vore lærar ved Bergen Musikkonservatorium og i Bømlo kommune. Sidan 1981 har han arbeidd som komponist og dirigent i Volda. Frå 2007 har han hatt ei delstilling ved Høgskulen i Volda, frå 2009 som professor.

Åm slo igjennom med verket Bøn for kor og orkester i 1972. Andre tidlege verk som er typiske for komponisten, er punkt null (1978/83) for kor og orkester og Dagen viker og går bort. Studie for orgel over ein salmetone frå Luster (1976), orkestrert i 1977. Åm skriv for ulike besetningar, for instrumental og vokal, gjerne i uventa kombinasjonar. Av solokonsertar kan nemnast stalagmittid (2004) for fiolin og orkester, symfonien min klode, mi sjel (1982) for ungdomssopran og orkester, vere meininga (1999/2005) for soloharpe og strykesekstett, einsam/omfamna (2003) for fagott og orkester og motstraum (2007) for hardingfele og kammerorkester. Større verk for kor er mellom anna ømhetens tre for kor, resitasjon og fire celloar, oratoriet God’s I’s (2007), og livet (eit oratorium) (1990), begge med orkester. Han har òg mellom anna skrive kammermusikk, duettar, trioar og kvartettar. 

Åm har òg engasjert seg i det lokale musikklivet, ved å dirigere ungdomskoret Digitalis (1986–2008), som framførte både tradisjonell og ny musikk (mellom anna ømhetens tre 1.1. 2000) frå 1990-åra og fram til om lag 2005. Frå 1992 har han dirigert blandakoret Volda Vokal, som i samarbeid med norske og japanske musikarar har oppført vil denne augneblinken nokon gong sleppe taket i Oslo Rådhus, Hiroshima og Tokyo (2013).

(Artikkelen held fram under videoen)


Video: Premiere på «vil denne augneblinken nokon gong sleppe taket», Oslo Rådhus 2013. 

Åm har hatt Statens garantiinntekt for kunstnarar sidan 1979. I 2006 fekk han «Europäischer Komponistenpreis» under arrangementet Europäische Musik Sommer Berlin for verket det er ‘kje snøen som fell, det er me som stig og Arne Nordheims komponistpris i 2009. Åm var festspelkunstnar under Dei nynorske festspela i 2013 med verket Du er ropt på, ein utandørs lydsti med ulike stemmer på sytten ulike språk, der lyden kom frå fleire høgtalarar. I 2014 fekk han Edvardprisen i kategorien samtidsmusikk.

Magnar Åm hadde i 2018 premiere på operaen Kimen, basert på bokverket av Tarjei Vesaas.

Multimedial

Sjølv om Åm er sterkt påverka av modernismen, ikkje minst i bruken av dissonantiske utgangar, har han ei open haldning til materiale frå mange hald. Han eksperimenterer med å spele musikken under vatn, i tonebad for éin person om gongen, som improvisasjon spela til éin person om gongen, og i tillegg til klassiske orkesterinstrument skriv han for akkordeon, ulike harper, elektroniske instrument og andre instrument. Han kombinerer òg tekst og musikk på ulike måtar, gjennom resitasjon, song, tittelbruk eller kveding. Mange av tekstane ber hans eigen signatur.

Element av religiøs meditasjon kjem inn i komposisjonane gjennom tilknyting til tekstar, eller i tittelbruken. Strykekvartetten sølvtråden viser til dømes til ein tekst i Preikaren. Men han har òg skapt tonar til nokre av Johannes Lids tekstar i Norsk flora, og operaen Kimen (2017) er bygd på romanen Kimen av Tarjei Vesaas. Han har brukt tekstar av mellom anna Gunvor Hofmo, Liv Holtskog, Tor Jonson, Olav Åm – og eigne tekstar.

Tid og rom

Eit sentralt element for Åm er forholdet mellom musikk, tid og rom. Utforsking av tid og rom er eit menneskeleg livsprosjekt, og musikken kan takast i bruk til dette. I Burfugls draum (1982) er koreografien eit vesentleg element. Kora som syng, skal flytte seg omkring i rommet gjennom heile det tjue minutt lange verket. I fleire av verka er plasseringa av musikarane omkring i salen eit vesentleg poeng.

I kvartetten her, i oppstoda (2001) skal ein ideelt liggje og sjå eit opptak av dansen i taket. Fritonaliteten blir kopla til ei sveve-kjensle, der ein ikkje har eit fast tonalt feste, noko som spring ut av ei tolking av eksistensen sjølv. Men dette svevet løyser seg likevel ikkje frå menneskeleg liding, som komposisjonane minner om og kjenner seg ansvarlege i høve til. Karakteristisk nok har Åm skrive musikk til stader med særleg sterkt ekko. Musikk er alltid i eit rom, og dette blir tenkt inn i sjølve komposisjonen.

Kjelder

Nettstaden til Magnar Åm, magnaram.comhttp://www.magnaram.com/ [lesedato 11.4.2012]

Peikarar

Magnar Åm i notekatalogen hos Nasjonalbiblioteket, NB Noter

Profil med verks- og arbeidsliste, hivolda.no 

Om lydstien «Du er ropt på» i Festspelavisa 2013 (s. 21), publisert på issuu.com

Først publisert: 20.03.2014
Sist oppdatert: 31.07.2018